Hopp til innhald

Spelefilm

Lord of the flies

Lord of the flies er ein filmklassikar om overleving, mot, frykt, leiarskap, konflikt og brutalitet hos ein gjeng unge gutar stranda på ei øyde øy.

Om filmen

Lord of the flies er ein spelefilm frå 1963, regissert av Peter Brook. Dette er den første filmatiseringa av romanen til William Golding med same namn.

Filmen vart spelt inn i Puerto Rico, og gutane i filmen er amatørskodespelarar.

Kampen for å overleve

Etter ein flykrasj er ei gruppe unge britiske skulegutar åleine på ei tropisk øy. Ingen vaksne overlevde flystyrten, og gutane må klare seg åleine.

For å overleve lager gutane sine eigne reglar og sosiale strukturar. Eit nytt samfunn tek form med ekspedisjonar, hyttebygging og jakt.

Etter kvart veks maktkampen og rivaliseringa mellom gutane. Konfliktane tilspissar seg, og vald, grufulle handlingar og tilbeding av ein ny Gud blir snart ein del av livet på øya.

Til refleksjon

Filmen opnar for refleksjon rundt om det finst ein ibuande vondskap i oss menneske.

Er den primitive brutaliteten vi ser hos gutane, noko som faktisk kan oppstå dersom kjende samfunnsstrukturar forsvinn, og kvar og ein må kjempe for si eiga overleving?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.05.2021

Læringsressursar

Filmatiserte bøker