Hopp til innhald

Spelefilm

The Guernsey Literary and Potato Peel Pie Society

Filmen er ein adaptasjon av den internasjonale bestseljaren med same namn. Han handlar om forfattaren Juliet som dreg til den vesle øya Guernsey etter andre verdskrigen for å skrive bok om livet under den tyske okkupasjonen.

Handling

I dette historiske dramaet skal uventa samantreff vise seg å bli avgjerande for forfattar Juliet. Det er januar 1946, og den unge kvinna med base i London byrjar tilfeldigvis å brevveksle med ein grisebonde frå Guernsey. Han fortel om menneska som bur på øya, og ikkje minst korleis bokklubben deira, med namnet Guernsey foreining for litteratur og potetskrellpai, fekk utspringet sitt under eit møte med nazistar etter ein fuktig tur heim frå puben under andre verdskrigen.

Så fascinert blir Juliet av folka som blir beskrivne i breva, at ho dreg til øya og bestemmer seg for å skrive bok om liva deira under den tyske okkupasjonen. Etter kvart som løyndommar frå krigen blir avdekte, blir Juliet meir og meir knytt til øya og dei eksentriske medlemmane i bokklubben.

Prislønte

Regissør Mike Newell er, i tillegg til The Guernsey Literary and Potato Peel Pie Society, kjent for å ha regissert storfilmar som Donnie Brasco, Harry Potter og ildbegeret, og ikkje minst Fire bryllaup og ei gravferd. For sistnemnde vann han ein BAFTA for beste regi.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavarar: SF Norge og Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Filmatiserte bøker