Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Vegetar – "grøn dag"

I dette arbeidsoppdraget skal kokkane jobbe med å planlegge, lage og presentere vegetarrettar. Servitøren tek ansvaret for å planlegge og dekke opp til ein "grøn dag".
Kokkar på kjøkkenet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei ulike vegetarkostane

Vegankost
består berre av vegetabilske matvarer.
Lakto-vegetarisk kost
består av vegetabilske matvarer og kan i tillegg omfatte mjølk og meieriprodukt.
Lakto-ovo-vegetarisk kost
består av vegetabilske matvarer og kan i tillegg omfatte mjølk, meieriprodukt og egg.

Oppgåve for kokkar

Ulike typar linser ligg i kvar sine rom på eit fat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Vel éin eller fleire av rettane på lista over vegetarrettar nedanfor.
  2. Finn oppskrift og framgangsmåte på retten eller rettane du skal lage. Tenk næringsverdi når du vel oppskrift! Prøv å nytte ei eller anna belgfrukt i hovudretten (erter, bønner, linser). Nøtter inneheld omega-3 og kan nyttast viss det passar i retten.
  3. Skriv opp bestillingsliste på dei varene du skal nytte i retten.
  4. Hugs å gi opp mengde!
  5. Skriv ut oppskrifter – éi til deg sjølv og éi til læraren.
  6. Lag arbeidsplan viss du skal lage fleire rettar. I kjøkkenøkta utfører du arbeidet du har planlagt.

Du skal presentere retten din før måltidet og bør vite dette på førehand:

  • Kva er namnet på retten?
  • Kva hovudråvarer består retten av?
  • Kva næringsverdi har retten?
  • Er det nokon av råvarene som er ekstra næringsrike?
  • Kva for ein av dei tre vegetartypane er retten spesielt eigna for? Grunngi svaret ditt.
  • Viss du har lært noko, kan du gjerne dele det med dei andre.

Vegetarrettar

  • vegetarkarbonadar med belgfrukter
  • vegetarkarbonadar med rotgrønsaker
  • vegetargryte
  • lasagne
  • ratatouille
  • falafel med fullkorns-couscous
  • grønsaksgrateng
  • pai
  • wok
  • brød/rundstykke
  • salat
  • ein sunn dessert

Oppgåve for servitørar

Eit bord som er dekt og pynta med ville blomstrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Planlegg oppdekking av bord og buffé til eit "grønt måltid". Ver kreativ, og bruk element frå naturen eller noko etande til oppdekking og pynt. Rettane skal serverast på ein buffé.
  2. Finn oppskrift på ein sunn velkomstdrink/aperitiff.

  3. Lag ein arbeidsplan.

  4. Lag bestillingsliste.
  5. På praksisdagen lagar du velkomstdrink/aperitiff og utfører arbeidet du har planlagt!
CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2023

Læringsressursar

Vegetarkost