Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor velje vegetarkost?

I dei seinare år har fleire og fleire gått over til heilt eller delvis vegetarisk kosthald. Det er ulike årsaker til å velje bort kjøtt og annan mat frå dyreriket i kosthaldet sitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Helsemessige grunnar

Mange vel å leve vegetarisk av omsyn til eiga helse. Plantebasert mat inneheld mykje vitamin, mineral og fiber. Han har dessutan svært lite metta feitt og kolesterol, som det finst mykje av i animalske produkt. Men det er ikkje nødvendigvis eit likskapsteikn mellom vegetarisk og helsebringande. Pommes frites, friterte laukringar og potetgull er òg vegetarisk, men det inneheld mykje feitt og mange kaloriar, noko som gjer at det ikkje blir tilrådd som del av det daglege kosthaldet vårt.

Eit vegetarisk kosthald kan vere sunt og næringsrikt om det er godt planlagt og balansert og ein sørger for å få i seg alle næringsstoffa kroppen treng. Dei som har eit riktig samansett vegetarisk kosthald, har ein lågare risiko for å utvikle hjarte- og karsjukdommar, overvekt, diabetes og kreft samanlikna med dei som har eit tradisjonelt kosthald.

Miljømessige grunnar

Å ete meir vegetarisk mat kan vere gunstig for miljøet. Produksjon av kjøtt, mjølk og egg er ressurskrevjande. For å produsere éin kilo kjøtt trengst det mykje meir vatn og land enn i produksjonen av éin kilo grønsaker.

Avskoging for å skaffe areal til kjøttproduksjon er ein stor trussel mot det biologiske mangfaldet i verda. I tillegg vil husdyrproduksjonen bidra til auka utslepp av drivhusgassar som CO2 og metan. Ved å ete plantebasert kan ein bidra til å redusere eige karbonavtrykk, eige vassforbruk og bidra til bevaring av skog og dyreliv.

Etiske grunnar

Kvart år fôrar, avlivar og et vi 60 millionar dyr i Noreg. Nokon meiner det er uetisk å drepe dyr for å ete dei, når det finst alternativ som gir oss dei næringsstoffa vi treng.

I tillegg meiner mange at dyra ikkje lever under gode forhold i fangenskap, og at ein ved å velje vegetarisk hjelper dyra og sparer mange dyreliv.

For andre kan det vere etisk problematisk å støtte opp under ein kjøttproduksjon som har så store konsekvensar på miljøet.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Økonomiske grunnar

Nokon meiner det er billigare og meir fornuftig å leve som vegetarianar. Proteinrike, plantebaserte matvarer som erter, bønner og linser er billigare enn kjøtt. Samtidig kan ein finne erstatningsprodukt for kjøttvarer i daglegvarehandelen, som vegetarpølser, vegetarburgar, vegetarkjøttdeig og liknande, som er høgare prisa enn tilsvarande kjøttvarer. Men om ein vel å lage erstatningane sjølv basert på erter, bønner og linser, kan det vere økonomisk gunstigare å ete plantebasert.

Religiøse grunnar

Nokon vel å leve vegetarisk av religiøse grunnar. Det kan vere fordi ein reknar det å ete kjøtt som uforlikeleg med Guds vilje eller religiøse lover, eller fordi ein har ein religiøs motvilje mot å ta liv.

Kjelde

Helsedirektoratet. (2023, 1. juni). Vegetarkost og vegankost: Næringsrikt plantebasert kosthold. Helsenorge. https://www.helsenorge.no/kosthold-og-ernaring/vegetarisk-kosthold/naringsrik-vegetarkost/

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2023

Læringsressursar

Vegetarkost