Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fordjup dykk i skaldyr og skjel!

I denne oppgåva skal de jobbe i par som får kvart sitt skaldyr eller skjel å jobbe med. Presenter for kvarandre, og lag ein skaldyrbuffé som alle kan smake på til slutt.
Hummar, kreps, reker og taskekrabbe lagt opp saman med tang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teorioppgåve

Jobb saman to og to. Kvart par får eit av følgande skaldyr eller skjel som de skal fordjupe dykk i og presentere for resten av klassen:

  • taskekrabbe

  • reker

  • hummar

  • sjøkreps

  • kamskjel

  • blåskjel

  • østers

Aktuelle tema de kan skrive om, er

  • sesong og fangst, eventuelt oppdrett

  • næringsinnhald

  • kvalitetskriterium

  • korleis han skal oppbevarast

  • bruksområde/kjende rettar eller serveringsmåtar

  • mengdeberekning

Finn òg oppskrift på ein klassisk rett de har lyst til å lage på kjøkkenet.

Praktisk oppgåve

Skriv ei bestillingsliste på retten de skal lage, og ein arbeidsplan.

Dekk eit fint bord som kan passe til høvet.

Produser skaldyrretten dykkar på kjøkkenet, og server på ein stor buffé saman med rettane til dei andre elevane.

Smak på rettane til kvarandre. Kva vart din favoritt?

Relatert innhald

Når du skal lage mat til fleire, kan det vere greitt å vite kor mykje du skal rekne per person av kvar enkelt råvare.

Norske skaldyr er i særklasse og eignar seg godt på eit skaldyrbord med passande tilbehøyr.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2022

Læringsressursar

Skaldyr og blautdyr