Hopp til innhald

Fagstoff

Skaldyr og blautdyr

Skaldyr og skjel er både ein delikatesse og ei lite utnytta råvare frå havet. Vi har ei lang kystlinje og høve til å fange mange ulike sortar skjel og krepsdyr. Det finst òg ein del oppdrett, mellom anna på blåskjel.

Næringsinnhald

Skaldyr og blautdyr er mager mat, det vil seie at dei inneheld lite feitt. Det finst ein del protein i skaldyr og blautdyr, i tillegg til vitamin frå B-vitamingruppa og vitamin D.

Innhaldet av mineralstoff varierer veldig. Som eit døme kan vi nemne blåskjel, dei inneheld mykje jern, selen, jod og kalium.

Inndeling av skaldyr og blautdyr

Skaldyr (krepsdyr)

  • reker
  • sjøkreps
  • krabbe
  • hummar

Blautdyr

  • skjel (blåskjel, kamskjel, østers)
  • sniglar
  • kråkebollar
  • blekksprut (akkar)
Bord med krabbe, reker, blåskjel og majones. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rettar og tillagingsmetodar

Ein kan ete skaldyr og blautdyr til forrett, middag og lunsj. Det er populært å servere desse råvarene på ein skaldyrbuffé der sitron, loff, aioli eller majones er fast tilbehøyr.

Vanlege rettar og tillagingsmetodar er

  • koking/damping
  • suppe
  • salatar
  • stuingar
  • gratinering

Lagring

Skaldyr og blautdyr er lettskjemde matvarer og ein må derfor vere svært nøye med lagringstemperaturen, og med hygienen ved behandling og oppbevaring. Lettskjemd mat kan bli helseskadeleg om du oppbevarer han feil, ettersom matvara inneheld mykje vatn, og bakteriar har gode vekstforhold.

Ferske skjel og skaldyr blir ofte lagra på is og ved temperaturar ned mot 0 ˚C. Ferske heile reker blir òg distribuert i saltlake. Elles blir ein del skaldyr og blautdyr, som blåskjel og hummar, pakka i modifisert atmosfære-pakning (MAP), noko som gjer at dei toler vesentleg lenger lagring.

Hugs

Skaldyr og blautdyr er lettskjemd mat og stiller strenge krav til oppbevaring og behandling.

Blåskjel skal alltid kontrollerast av Mattilsynet på grunn av mogeleg oppblomstring av giftige algar. Mattilsynet testar og kontrollerer jamleg blåskjel frå faste stader i Noreg. Ved å gå inn på Mattilsynet sine nettsider eller laste ned blåskjel-appen frå Mattilsynet kan vi raskt finne ut om blåskjel i eit bestemt område er etande.

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2022

Læringsressursar

Skaldyr og blautdyr