Hopp til innhald

Fagstoff

Kongekrabbe

Kongekrabba er ein kaldvassart som i dag finst både langs kystområda og til havs i det sørlege Barentshavet, på djup frå 5 til 400 meter avhengig av årstida. Kongekrabba et botndyr og plantar av mange slag, og børstemark og andre små muslingar er favorittmaten.
Kongekrabbe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det var russiske forskarar som i 1960-åra introduserte kongekrabba til Barentshavet frå Okhotskhavet på den russiske Stillehavskysten. Målet var å auke verdigrunnlaget for befolkninga i Murmansk. Sidan har krabba spreidd seg austover og vestover i det sørlege Barentshavet og er truleg kommen for å bli. Kongekrabba er ein fellesressurs som Noreg forvaltar saman med Russland.

Bestand

Kongekrabba er ein verdifull ressurs, men søkjelyset vert òg retta mot det faktumet at krabba er ein introdusert art. Frå norsk side ønskjer vi å hindra at ho spreier seg til nye område. Hovudmålet for forvaltninga av krabba er derfor å halda bestanden på eit minstemål vest for 26° Ø (Nordkapp).

Fangst og fangstreiskapar

Den norske fangsten av kongekrabbe kom i gang så seint som i 1994 – først som eit forskingsfiske, men frå og med 2002 på kommersiell basis. Fangsten skjer ved hjelp av spesielle krabbeteiner.

Bruk

Kongekrabba vert vanlegvis seld kokt, men òg fryst rå. Ferdig kokte kongekrabbeklør vert av mange rekna som ein delikatesse og kan brukast som tilbehøyr i varme retter eller som eigne kalde retter. Ho kan serverast naturell på liknande måte som andre kokte krepsdyr. Rå klør av kongekrabbe kan kokast eller gratinerast og lagast til i ulike retter på liknande måte som hummar eller kreps.

Kokte klør av kongekrabbe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Kjøtt av kongekrabba er ei god proteinkjelde og inneheld lite feitt.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Oktober–desember

Storleik

Opptil 8 kg og skjoldlengd på 23 cm i norske farvatn.

Utbreiing

Opphavleg i det nordlege Stillehavet, men vart sett ut ved Murmansk og spreier seg langs norskekysten.

Med andre ord

Latin: Paralitodes camtschaticus

Engelsk: Red king crab

Fransk: Crabe royal

Tysk: Kamschatka-Krabbe

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen. Rettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 24.01.2018

Læringsressursar

Skaldyr og blautdyr