Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Politiets tryggingsteneste

Fleire offentlege aktørar har som oppgåve å avdekkje og hindre fiendtlege handlingar mot norske borgarar, bedrifter og institusjonar. Politiets tryggingsteneste (PST) har ansvaret for sivile trusselvurderingar, spesielt når det gjeld terror og industrispionasje.
Logoen til PST på ein gul og oransje bakgrunn. Logoen består av bokstavane PST og teksten "Politiets sikkerhetstjeneste". Over bokstavane er løva i riksvåpenet i oransje farge. S-en er på kvit bakgrunn, mens resten har svart bakgrunn. Foto.

Oppgåve

PST har som hovudoppgåve å førebyggje og etterforske straffbare handlingar mot sikkerheita i riket. Dei deler inn arbeidet sitt i ni hovudområde: sikkerheitsrådgiving, trusselvurderingar, samarbeid, personkontroll, metodar, livvakt, informasjonsinnhenting, etterforsking og førebygging.

  • Jobb i grupper eller i par, og vel to av hovudområda. Læraren kan gjerne fordele slik at dei fleste områda blir dekte.

  • Kvar gruppe lagar ein presentasjon av sine hovudområde. Bruk nettsidene til PST for å finne informasjon.
  • Framfør presentasjonen i klassa.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2023

Læringsressursar

Trusselbilete