Hopp til innhald

Spelefilm

IRL

Den svenske spelefilmen IRL handlar om kor skadeleg mobbing kan vere. Samstundes handlar han om kor viktig det er at vaksne forstår kva som går føre seg.

Om filmen

Elias lever livet sitt både i den virtuelle og i den verkelege verda. Han spelar eit rollespel på Internett som heiter The Secret World. I spelet, der han har teke kallenamnet S:]iles, har han blitt kjend med Sc4rlet.

Den virtuelle relasjonen mellom S:]iles og Sc4rlet endrar seg då ho ein dag ønskjer å treffe han i verkelegheita («in real life»). Forholdet til Sc4rlet står i skarp kontrast til korleis Elias har det i kvardagen.

Miljøet på skulen til Elias er prega av mobbing, og han blir plaga av medelevane sine. Den populære jenta Agnes og kameratane hennar er spesielt ille i plaginga av Elias. Agnes filmar mellom anna mobbinga av Elias med telefonen sin og legg dette ut på YouTube.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 12.08.2020

Læringsressursar

Trusselbilete