Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis blir vi trua?

I samfunnet i dag er det mange nye farar som truar oss. Her skal du lære om omgrepet «trusselbilete» og kva det er som truar oss.
Politi ute å patruljerer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis blir vi trua?

Tidlegare var trusselvurderinga på nasjonalt nivå prega av militære vurderingar. Den kalde krigen mellom NATO-landa og Warszawapakt-landa kravde militær grensekontroll og beredskap mot invasjon.

I dag blir faren for militære angrep vurdert som langt mindre, og internasjonal terror som ein mykje større trussel.

Organisert kriminalitet

Organisert internasjonal kriminalitet utgjer også ein trussel. Eit døme er rans- og tjuveribandar som har spesialisert seg på enkelte bransjar og typar butikkar. Når ein lærling i salsfaget skal vurdere sikkerheitstiltak mot ran og tjuveri, vil vurderinga av trusselbiletet når det gjeld slik kriminalitet, vere ein del av grunnlaget.

Eit anna døme er at lærlingane i IKT-servicefaget ofte har ei heilt sentral rolle i å lære dei tilsette gode rutinar for dokumentsikring og bruk av passord. Dårlege rutinar kan opne for industrispionasje frå framande makter eller konkurrentar i andre land. I den siste trusselvurderinga frå Politiets tryggingsteneste (PST) blei det åtvara spesielt mot industrispionasje i olje- og energisektoren.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2017

Læringsressursar

Trusselbilete