Hopp til innhald

Fagstoff

Nyheitskriterium

Pressa er alltid på jakt etter spektakulære avsløringar og oppsiktsvekkjande nyheiter. Journalisten må vite kva som gir ei sak nyheitsverdi. Nyheitskriteria beskriv kva som kjenneteiknar nyheiter.
Norsk statsminister møter amerikansk president. Pressa er til stades. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei nyheit kan beskrivast som noko som nettopp har skjedd eller noko vi nettopp har fått vite om. Ein journalist må ha kunnskap om kva hendingar som skal prioriterast og bli til nyheitssaker. For at saka skal ha nyheitsverdi, må ho vere aktuell for publikum. Ei hending har nyheitsverdi når ho får oppmerksemd i pressa.

Tenk over

Kva løfter ei sak frå å vere ei ordinær hending til å bli ei nyheitssak?

Nyheitskriterium


Nokre gonger kan det vere vanskeleg å vite kva hendingar som har nyheitsverdi. Nyheitskriteria kan vere til god hjelp for journalisten når saker skal prioriterast. Nyheitskriteria beskriv kva som kjenneteiknar nyheiter. Ei sak med høg nyheitsverdi er gjerne basert på minst to av desse kriteria.

Forkortinga KVEISA kan hjelpe deg å hugse kriteria:

K for konflikt
V for vesentleg
E for eksklusivitet
I for identifikasjon og nærleik
S for sensasjon
A for aktualitet

Konflikt

Konflikt er eit sentralt nyheitskriterium. Konfliktar og usemje skaper ofte oppmerksemd og interesse. Tydelege konfliktar er viktig i nyheitssaker. Journalistar er derfor ofte på jakt etter motsetningar og klare frontar når dei vel saker. Tydelege konfliktar kan òg gjere vanskelege saker enklare å forstå for publikum.

Vesentleg


Røystesetel blir lagt i valgurne. Bilete.

Ei sak bør vere vesentleg og viktig for publikum. Saker med fokus på dei politiske partia i forkant av eit stortingsval er viktige for norske borgarar. For at demokratiet vårt skal fungere, er innbyggjarane avhengige av informasjon. Nyheiter som bidrar til at folk kan ta godt gjennomtenkte val, er vesentleg og viktig for mange. Det vesentlege blir ofte rekna som det viktigaste nyheitskriteriet og kan knytast til pressa sitt samfunnsoppdrag.

Eksklusivitet

Dersom ein journalist er åleine om ei sak, blir denne gjerne prioritert framfor hendingar som fleire medium dekkjer. Eksklusivitet er viktig. Dersom ein journalist har fått tak i ei sak som ingen andre medium har oppdaga, blir dette gjerne slått stort opp.

Identifikasjon og nærleik

Dersom vi kan identifisere oss med saka, blir ofte nyheita interessant for oss. Saker som treffer oss kjenslemessig, blir ofte rekna som gode nyheitssaker. Nærleik er viktig. Vi opplever nokre nyheiter som nære, både personleg, geografisk og kulturelt. Journalisten jaktar ofte på eit godt "case", ein person som kan fronte saka og som publikum kan identifisere seg med. Konkrete personar er ofte lettare å identifisere seg med enn abstrakte prosessar.

Sensasjon

Sensasjonelle nyheiter fangar oppmerksemda, noko oppsiktsvekkjande har skjedd. Det klassiske eksempelet i journalistikken er at nyheita "Hund bit mann" har lav nyheitsverdi, mens derimot overskrifta "Mann bit hund" overraskar og vekkjer interesse. Pressa er ofte på jakt etter det uvanlege og spesielle.

Aktualitet

For at ei hending skal ha nyheitsverdi, må ho vere aktuell. For journalistar er det viktig å vere først ute med nyheiter. Nyheiter er ferskvare. Aktuelle saker handlar om noko nytt eller om noko som fram til no har vore ukjent.

Nyheitsterskel

Sjølv om ei hending tilfredsstiller fleire av nyheitskriteria, blir det inga nyheitssak dersom ho ikkje kjem over nyheitsterskelen. Nyheitsterskelen er ei grense som avgjer om ei sak har nyheitsverdi eller ikkje. Denne terskelen varierer frå dag til dag og frå redaksjon til redaksjon.

Dersom det skjer ei dramatisk ulykke med mange døde og såra menneske, vil dette dominere nyheitsbiletet. Nyheitsterskelen blir høg. Det blir mindre plass til mindre dramatiske nyheiter. Midt på sommaren, i fellesferien, er det ofte lite som skjer. Då treng redaksjonen stoff, og journalistane lagar gjerne oppslag om mindre viktige hendingar. Nyheitsterskelen er då lav.

Nyheitskriterium i ei sak frå Dagbladet

Les denne saka: Hagl store som grapefrukt - 18 til sykehus i Italia

Kva nyheitskriterium kan du knyte til saka?

Badetermometer i vatn. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen, Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2019

Læringsressursar

Innføring i journalistikk