Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet innføring i journalistikk

Kvifor er god journalistikk ein føresetnad for demokratiet vårt, og kva kjenneteiknar ei nyheit? Sjekk desse punkta og få oversikt over kva du har lært om journalistikk.
Elevar med videokamera, skriveblokk og mikrofon. Dei ulike personane er eigentleg same elev, men med ulike klede og rekvisittar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Læringsmål

Desse punkta gir deg ein peikepinn på korleis det står til med fagkunnskapen din:

  • Eg forstår at god journalistikk er ein føresetnad for demokratiet vårt.
  • Eg veit kva som er journalistane sitt samfunnsoppdrag.
  • Eg skjøner at truverd er vesentleg for pressa.
  • Eg veit at journalistikk skal beskrive verkelegheita.
  • Eg forstår at det er viktig å ha ei fri og uavhengig presse.
  • Eg veit korleis eg kan produsere journalistisk innhald tilpassa ulike mottakarar.
  • Eg veit kva som kjenneteiknar ei nyheit.
  • Eg veit kva nyheitskriterium er.
  • Eg kan bruke skrivemodellar som hjelp til å byggje opp journalistiske saker.
  • Eg veit at munnlege kjelder står sentralt i journalistisk arbeid.
  • Eg forstår kvifor det er viktig å vere kjeldekritisk.
  • Eg har lært at mange journalistar i dag er fleirmediale.
  • Eg veit kvifor journalistar i dag må meistre ny teknologi og ulike digitale verktøy.
  • Eg kan greie ut om etiske normer og gjeldande regelverk og bruke desse i eigne produksjonar.

Viktige omgrep

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2020

Læringsressursar

Innføring i journalistikk