Hopp til innhald

Kortfilm

Ute av kontekst

Er det lov å vitse med n-ordet, eller er alle ytringar der dette ordet er med, fordekt rasisme? Kortfilmen Ute av kontekst visualiserer problemstillingar knytte til woke, rasisme og kanselleringskultur.
Ein person ligg på golvet og blod renn frå nasen. Foto.

Om filmen

Nokre venner møtest på ein bar. Stemninga stig, og på oppfordring framfører ein av dei ein parodi der n-ordet blir brukt. Men nokre på nabobordet har lange øyre ...

Kortfilmen Ute av kontekst gjer synleg problemstillingar knytte til rasisme, woke, politisk korrekte ytringar og kanselleringskultur på ein morosam og tankevekkande måte.

Filmdeltaljar

  • År: 2019

  • Varigheit: 5 minutt

  • Regi: Det Sporadiske Filmkollektivet

  • Medverkande: Kim Sørensen, Karl-Vidar Lende, Sara Khorami, Benjamin Helstad, Jae Nyamburah

  • Format: kortfilm

  • Opphavsland: Noreg

Sjå filmen

Sjå kortfilmen Ute av kontekst på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 15.02.2024

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar