Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med kortfilmen Ute av kontekst

Kva skjer når ei ytring blir teken ut av kontekst? Og korleis bør vi reagere på ytringar vi ikkje liker? Diskuter desse spørsmåla med utgangspunkt i kortfilmen Ute av kontekst.
Unge kvinner og menn i små grupper i ein bar. Foto.

Før du ser filmen

Set deg grundig inn i desse ressursane:

Sjå filmen

Sjå kortfilmen Ute av kontekst på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Oppgåver til filmen

1. Diskuter i små grupper

  1. Har de nokon gong opplevd at det de seier, har blitt misforstått av andre? Finn døme og reflekter saman over kvifor misforståinga oppstod.

  2. For 70 år sidan var det vanleg å bruke n-ordet i Noreg. Kvifor trur de n-ordet vekker så sterke kjensler i dag?

  3. Kontekst handlar mellom anna om den situasjonen ei ytring blir sagt eller skriven i. Er det ok at n-ordet blir brukt i samband med humor og ?

2. Karakterar og dramaturgi i filmhistoria

Jobb vidare åleine eller i gruppe med desse spørsmåla:

  1. Karakterane i filmen er samla i tre ulike grupper i baren. Dialogen startar i den første gruppa. Kva får vi vite om karakterane i denne gruppa, og korleis blir identiteten deira brukt som argument for at utsegna ikkje var rasistisk meint?

  2. Dialogen held fram med ei anna gruppe som reagerer på det som blir sagt. Kven består denne gruppa av, og kvifor trur de at dei reagerer som dei gjer?

  3. Den tredje gruppa står ved bardisken. Beskriv karakterane i denne gruppa og måten kommunikasjonen går føre seg på. Kvifor reagerer dei som dei gjer?

  4. Korleis fungerer forteljarstemma i filmen?

  5. Dramaturgi handlar om korleis du fortel og set saman ei historie. Beskriv dramaturgien i filmen, og kva filmskaparane oppnår når dei vel denne forma for dramaturgi.

3. Skriftleg drøftingsoppgåve

I eldre litteratur var det vanleg å bruke n-ordet om menneske med afrikansk opphav. Kjende barnebokforfattarar som Thorbjørn Egner og Astrid Lindgren brukte dette ordet i bøkene sine. I vår tid meiner mange at slike tekstar må skrivast om. Forfattaren av bøkene om Harry Potter, J.K. Rowling, har blitt skylda for å fremme synspunkt som diskriminerer transpersonar. Derfor har somme teke til orde for å boikotte bøkene hennar.

Skriv ein tekst der du drøftar denne påstanden: Omskriving av eldre litteratur og boikott av forfattarar som ikkje blir sett på som politisk korrekte, er ein trussel mot ytringsfridommen.

Relatert innhald

Cancel culture, eller kanselleringskultur, er ei form boikott av personar som har ei meining ein ikkje liker. Er dette ei form for sensur av ytringsfridom?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2024

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar