1) Les saka
Relatert innhald
Nettside hos p3.no
Tenk over
Kvifor er det viktig at Tete Lindbom og andre som opplever rasisme, står fram med historiene sine?
2) Set deg inn i temaet
Søk i norske nettaviser og finn aktuelle saker som omhandlar rasisme i Noreg i dag. Noter relevante artiklar, tal, namn osb.
3) Arbeidsoppdrag: Podkast-intervju
Lag eit podkast-intervju med ein ung person der du set søkelys på rasisme i Noreg i dag. Det er viktig at du har sett deg godt inn i temaet.
Førebu intervjuspørsmål
Døme på spørsmål du kan stille:
- Kva tenkjer du om at mange menneske opplever rasisme og diskriminering i Noreg i dag?
- Korleis kan vi kjempe mot rasistiske haldningar?
Du bør ha minst seks opne spørsmål til intervjuobjektet ditt klare før du startar podkast-intervjuet. Les artikkelen "Den journalistiske arbeidsprosessen", her får du tips til korleis du kan gå fram.
Relatert innhald
Gjennomfør intervjuet
Du kan gjere lydopptak av intervjuet med ein mobiltelefon. Ver medviten på lydforholda under opptakssituasjonen og ta lydsjekk før du startar intervjuet. Still spørsmåla dine og lytt aktivt til svara du får. Still oppfølgingsspørsmål om det er nødvendig.
Etterarbeid og publisering
Rediger intervjuet og sørg for at lyden er jamn gjennom heile intervjuet. Sjekk at informasjonen du vidareformidlar, er korrekt. Avtal innlevering av arbeid og eventuell publisering med læraren din.
Til refleksjon
- Korleis kan denne podkasten påverke andre menneske?
- Trur du podkasten din kan føre til samfunnsdebatt? På kva måte?