Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadskommunikasjon

Marknadskommunikasjon er overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar. Marknadskommunikasjon er eit av konkurransemidla i marknadsmiksen.
Personar kommuniserer via nettbasert teknologi. Biletet viser eit nettbrett og ein PC, silhuettar av personar, og forskjellige symbol slik som snakkebobler, høgtalarikon, internettikon og opplastingsikon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknadskommunikasjon handlar om at ei verksemd kommuniserer med målgruppene sine. Det kan vere utfordrande for verksemder å skaffe seg merksemd eller å nå ut til og byggje relasjonar til målgrupper i eit medielandskap i stadig endring.

Føremålet med marknadskommunikasjon kan mellom anna vere å skape tillit og kjennskap til produkt og verksemd, å informere om produkteigenskapar og å motivere til kjøp. Det er viktig at all kommunikasjon ut mot målgruppa er godt planlagd og formidlar det verksemda og produkta står for.

Marknadskommunikasjon kan skje via kommunikasjonskanalar som til dømes internett, sosiale medium, TV, radio, aviser og tidsskrift. Marknadskommunikasjon gjennom sosiale medium har blitt ein svært viktig del av marknadsføring.

Kommunikasjonsprosessen

Ein kommunikasjonsprosess fokuserer på overføringa av ein bestemt bodskap frå ein sendar til ein mottakar. Prosessen kan illustrerast i ein kommunikasjonsmodell, som vist under.

Bodskapen blir formidla gjennom ein kanal, til dømes sosiale medium. Om vi oppnår det vi ønskjer med kommunikasjonen, er avhengig av at mottakaren oppfattar bodskapen. Dei faktorane som hindrar bodskapen i å nå fram, blir kalla støy.

Modellen viser kommunikasjonsprosessen mellom to partar: sendaren og mottakaren. Det er illustrert at sendaren vil formidle noko og sender ein bodskap som så blir koda, send gjennom ein kanal og avkoda av mottakaren. Mottakaren er den som sendaren ønskjer å formidle bodskapen til, og målet med kommunikasjonen er at mottakaren skal reagere på ein eller annan måte. Mottakaren gir ei tilbakemelding til sendaren. Modellen viser vidare at støy kan forstyrre kommunikasjonsprosessen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg og ikkje-personleg marknadskommunikasjon

Marknadskommunikasjon kan vere både personleg og ikkje-personleg. Når ein butikktilsett vender seg til deg i ein butikk, er det eit døme på personleg marknadskommunikasjon.

To smilefjes skal førestille ein sendar og ein mottakar, og piler viser at sendaren formidlar ein bodskap til mottakaren. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein reklamefilm eller ein annonse i ei nettavis er døme på ikkje-personleg marknadskommunikasjon, som òg kan kallast massekommunikasjon.

Eit smilefjes skal førestille sendaren, og tre smilefjes skal førestille fleire mottakarar. Piler viser at sendaren formidlar ein bodskap via ein kanal eller eit medium til mottakarane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommunikasjonskanalar og mediemiks

Marknadskommunikasjon kan skje via ulike kommunikasjonskanalar, som internett, sosiale medium, TV, radio, aviser og tidsskrift. Det kan ofte vere aktuelt å nytte fleire ulike kommunikasjonskanalar.

Samansetninga av kommunikasjonskanalar blir kalla mediemiks. Den mediemiksen vi vel for å nå målgruppa vår, kan til dømes vere annonsering via sosiale medium, avisannonsar, reklamefilm og radioreklame.

Val av kommunikasjonskanalar må vere nøye gjennomtenkte. Dersom vi slurvar med førearbeidet her, kan vi risikere å velje kommunikasjonskanalar som ikkje treffer målgruppa godt nok.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Marknadsstrategiar og merkevarer