Korleis kan Noreg styrkje seg som merkevare og bli meir attraktivt som turistmål?
Fase 1: Del klassen i tre grupper à 3–5 elevar
Kvar gruppe skal diskutere og beskrive korleis Noreg kan drive merkevarebygging av Noreg som turistmål, ved å:
- identifisere og skape behov hos målgruppa
- utvikle eit tydeleg konsept med ein visuell identitet
- utarbeide ein marknadsføringsstrategi
Ein på gruppa tek notat og deler dei med dei andre.
Fase 2: Presenter for klassen
Kvar gruppe presenterer forslaga sine.
Diskuter i klassen etter kvar presentasjon.
Fase 3: Diskuter i klassen
Ha ein klassediskusjon om korleis Noreg best kan styrkje merkevara si.
Ein i klassen tek notat over forslaga og deler dei med dei andre.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021