Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sett opp ein meny for ein institusjon

Denne oppgåva består av ein teoretisk del der du skal setje opp ein meny for ein institusjon og næringsberekne han, og ein praktisk del der du skal lage menyen for ein av dagane.
Foto av ein tallerken med to halvgrove brødskiver, ei skive ost, ei skive skinke, agurk, tomat og plantemargarin. Ved sida av står eit glas appelsinjus.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Følg generelle menyreglar, og ta omsyn til at menyen skal serverast i institusjon. Det er anbefalt å følgje råda frå Helsedirektoratet, som mellom anna omfattar kostråda.

Teoretisk del

Oppgåve 1

Sett opp ein vekemeny for nøkkelrådskost som skal passe til ein institusjon.
Du vel sjølv kva type institusjon du lagar menyen for.
Menyen skal bestå av:

  • frukost

  • lunsj

  • middag

  • kvelds

Lag ein tabell der du set inn dei ulike måltida.


Oppgåve 2

Vel ein av dagane, og næringsberekn han i oppgåvene nedanfor:

  1. Finn ut kor mykje energi (kcal/kJ), protein, feitt og karbohydrat denne dagsmenyen gir.

  2. Rekn ut kor stor prosentdel høvesvis protein, feitt og karbohydrat utgjer av den totale energimengda denne dagen. Her kan du bruke kosthaldsplanleggjaren eller matvaretabellen og rekne ut med kalkulator. Samanlikn tala i menyen din med anbefalt energiprosent av protein, feitt og karbohydrat.

  1. Rekn ut energimengda per måltid, og berekn kor mange energiprosent dette svarar til. Samanlikn tala med anbefalt energimengd per måltid.

Energifordelinga i nøkkelrådskost:

Feitt: 25–35 %

Protein: 10–20 %

Karbohydrat: 50–60 %

(Tilsett sukker må ikkje vere meir enn 10 %.)

Tabell med anbefalt energifordeling for dei ulike måltida i løpet av ein dag:

Måltid

Dagsbehov 2000 kcal

Dagsbehov 2400 kcal

Energifordeling i prosent per måltid

Frukost

400 (20 %)

480 (20 %)

20–30 %

Lunsj

500 (25 %)

600 (25 %)

20–30 %

Middag

600 (30 %)

720 (30 %)

20–30 %

Kveldsmat

350 (15 %)

360 (15 %)

10–20 %

Mellommåltid

0–200 (10 %)

240 (10 %)

0–20 %

Foto av eit grønt eple og i bakgrunnen to hender som skriv på ein berbar pc.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Praktisk del

Oppgåve 3

  • Vel deg ut ein dagsmeny som du skal lage på kjøkkenet. Fokuser på sunt kosthald når du vel oppskrifter og metodar for tillaging.
  • Finn oppskrifter, og lag rettane.
  • Legg opp ein porsjon. Vurder porsjonsstorleik og utsjånad for måltida.
  • Presenter ein porsjon av rettane dine for resten av klassen. Grunngi kvifor du har valt desse oppskriftene og metodane for tillaging.
CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2023

Læringsressursar

Menytypane