Hopp til innhald

Fagstoff

Dagens meny

Dagens meny fortel kva serveringsstaden har å by på i tillegg til dei faste tilboda som à-la-carte-meny, lunsjmeny, smårettliste og liknande. Som namnet tilseier, er dagens meny ein meny som vekslar frå dag til dag.
Foto av kokk som skriv dagens økologiske meny på ei tavle.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike tilbod innanfor dagens meny

Innanfor dagens meny kan ein finne mange ulike tilbod. Det kan vere dagens lunsjmeny eller dagens middagsmeny, som gjerne er ein fast meny på frå to til fire rettar, der gjestane sjølve vel kor mange rettar dei ønskjer.

Det kan også vere berre ein lunsjtallerken som blir tilbydd som dagens lunsj. Ein lunsjtallerken kan vere ein asjett med assorterte smårettar, ein fiskerett eller ein kjøtrett. Somme har éin dagens rett som dei nyttar både til lunsj og til middag. Dette er gjerne ein rett det tek kort tid å lage, og som ein kan anbefale til gjestar med avgrensa tid.

Dagens meny har mange fordelar

Fordelen med å ha ein dagens meny er at kjøkkenet har stor valfridom. Dersom kjøkkenet har store mengder av ei bestemt råvare på lager, kan dagens meny vere eit godt tilbod som gjer at kjøkkenet får brukt opp denne råvara. Kanskje har kjøkkenet fått tilbod om eit parti med overmodne tomatar til ein gunstig pris som dei ønskjer å tilby som dagens rett i form av tomatsuppe. Eller kanskje har kjøkkensjefen komponert ei ny oppskrift som ein ønskjer å prøve ut blant gjestane før ein set ho på den faste à-la-carte-menyen. Dagens meny kan gi stamgjestar som vitjar serveringsstaden regelmessig, meir å velje i.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021

Læringsressursar

Menytypane