Hopp til innhald

Fagstoff

Øltypar

Øl blir hovudsakleg laga av vatn, malt, gjær og humle. Likevel finst det tallause smaksvariantar av øl.
Ulike typar øl i glas på ein bardisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her er ei oversikt over dei vanlegaste øltypane.

Lager

Eit glas med lyst, skummande øl. Foto.

Pilsner er ein variant av lys lager og ein av dei vanlegaste øltypane i Noreg. Det er eit undergjæra øl som byggjer på tysk og tsjekkisk bryggjetradisjon. Ølet har lys farge og kan ha ei lett blomstrande duft eller ein god aroma av humle. Når du bestiller øl eller pils på pub eller restaurant i Noreg, er det som oftast ein type lys lager du får.

I Norden kallar vi ofte mørk lager for bayersk øl, sidan det har opphavet sitt i Bayern i Tyskland. Bayer og bokkøl er variantar av mørk lager, som er undergjæra øl. Det tradisjonelle mørke juleølet og den kjende øltypen Kilkenny er andre døme.

Ale

Ale er den gruppa øl som har størst smaksvariasjon. Ale er bryggja som overgjæra øl. Det gir ølet ein søt, fruktig og fyldig smak.

Døme på lys ale er saison og belgisk blond.

Mørk ale er ofte brun på farge og har ein markert smak av karamell/sjokolade. Klosterøl/trappistøl og ulike variantar av brown ale er døme på denne typen øl.

IPA

IPA var opphavleg ein pale ale med høgare alkoholinnhald, men no blir det bryggja i dei fleste små bryggjeri verda over. Denne øltypen har mykje bitterheit og humlearoma. Sistnemnde er ofte prega av sitrus, urter, nyslege gras og furunål.

Kveiteøl

Kveiteøl er bryggja med ein viss del kveitemalt i tillegg til byggmalt. Kveiten gir ein generelt lysare farge på drikken. Kveiteøl er vanlegvis overgjæra og ikkje filtrert. Det mest tradisjonelle kveiteølet blir ettergjæra på flaske, slik at det dannar seg ein ring av skum og avfallsstoff i flaskehalsen. Kjende døme på kveiteøl er wit/wissen og belgisk wit.

Eit ølglas med mørkt øl og ei ølflaske på eit trebord. Foto.

Porter/stout

Porter er ei form for kraftig, mørkt overgjæra øl med opphav i London.

Stout er eit nesten svart overgjæra øl med opphav på Dei britiske øyane. Det blir laga av brunne malt eller bygg og var i starten ein type porter. Namnet stout betyr «sterk». Verdas mest kjende stout er irske Guinness.

Glutenfritt øl

Det blir produsert stadig fleire glutenfrie øltypar. Det går an å lage glutenfritt øl ved å nytte naturleg glutenfrie råvarer, men det er vanlegare å tilsetje enzym som bryt ned glutenet. Øl som er merkt med Crossed Grain-symbolet, er garantert glutenfritt.

Kjelde

Bryggeri- og drikkevareforeningen. (u.å.) Øltyper. Henta 19. mai 2021 frå https://www.drikkeglede.no/oltyper/

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Øl