Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis lage glutenfri mat?

Å tilpasse menyar til gjestar med allergiar og intoleransar kan vere utfordrande. Det krev kunnskap om råvarer og ulike allergiar og intoleransar. I denne oppgåva skal du jobbe med glutenfri kost.
Tre kvinnelege kokkar i samtale på kjøkkenet. Ei av dei skjer opp kjøt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du jobbar som kokk på eit hotell. De har sett opp følgjande meny til eit selskap som skal serverast i morgon:

Krema jordskokksuppe, bakt jordskokk, sprøsteikt bacon, urteolje, focaccia
*
Bresert svineknoke, omnsbakte rotgrønsaker, sylta raudlauk, blomkålpuré, bearnés-saus, Anna-poteter
*
Sjokoladefondant, vaniljeis, marinerte jordbær, røsta peanøtter

Du får beskjed om at éin av gjestane har cøliaki og må ha glutenfri mat.

Oppgåve 1

  1. Kva er cøliaki?

  2. Skriv litt om ein kva endringar du må gjere med mat som skal serverast til personar med cøliaki.

  3. Kva må du vere spesielt merksam på når du skal lage mat til personar med cøliaki?

Oppgåve 2

Kva endringar må du gjere med menyen ovanfor for at ein person med cøliaki skal kunne ete han? Grunngi svaret ditt.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021

Læringsressursar

Glutenfri kost