Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Prøv deg på indisk matlaging!

I India er dei kjende for å nytte mykje krydder og belgfrukter i maten. Dei er òg kjende for å ha eit stort utval av vegetariske rettar.

I denne oppgåva skal du sjå videoen frå cirka 02.29 om korleis du kan lage den indiske vegetarretten chana masala, og deretter lage han på kjøkkenet. Oppskrifta finn du under.

Finn òg ei oppskrift på eit indisk brød, til dømes naan eller kulcha, og server chana masala med basmatiris og brød.

Ingrediensar

  • 200 g kokte kikerter

  • 150 g kepalauk

  • 3 fedd kvitlauk

  • 40 g skrelt ingefær

  • 40 g finhakka chili

  • 2 ts malen koriander

  • 1 ts spisskummen

  • 1 ts garam masala

  • 1 ts gurkemeie

  • 400 g knuste tomatar på boks

  • 2 ms nøytral olje

  • 50 g kikertvatn (vatn frå koking av kikertene)

  • sitron

  • salt

Framgangsmåte

  1. Blautlegg kikertene i godt med vatn i 12 timar på kjøl.

  2. Steik lauk, ingefær og chili med salt på medium høg varme til det er gyllenbrunt. Tilsett alle tørre krydder, og steik i 5–8 min til aromaene i kryddera kjem fram.

  3. Tilset dei knuste tomatane, kok opp og la det trekkje rett under kokepunktet i ein time. Røyr ein gong i blant.

  4. Kok kikertene i vatn med salt og natron på høg varme i ein time.

  5. Tilset ertene i tomatsausen heilt til slutt. Smak til med salt og sitron.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal og Tony Martin.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2021

Læringsressursar

Internasjonal mat