Vern mot skadar
Høyrsla er vesentleg for sosialt samkvem og kommunikasjon mellom menneske. Ein høyrselsskade kan ikkje lækjast, berre førebyggjast.
Råd:
- Utfør arbeidet slik at det ikkje blir laga unødig støy. Isoler støykjeldene.
- Bruk støysvake metodar der det er mogleg.
- Sørg for førehandsinformasjon til dei støyen vedkjem.
- Øyreproppar bør brukast kontinuerleg.
- Ta på klokker i tillegg når det blir utført ekstra støyande arbeidsoperasjonar.
Bruk av høyrselsvern
Høyrselsvern er normalt berre akseptert som eit førebels hjelpemiddel. Bruk av høyrselsvern er påbode når arbeidstakar må utsetjast for normert ekvivalentnivå høgare enn 85 dB (A) eller ved toppverdiar av lydtrykknivå høgare enn 130 dB (C) Peak.
Plikta arbeidsgivar har til å stille høyrselsvern til rådvelde
Arbeidsgivar skal stille tilfredsstillande høyrselsvern til rådvelde dersom:
- arbeidstakar utfører arbeid i støysone
- arbeidstakar finn lydnivået sjenerande
Høyrselsvern skal tilfredsstille krava i forskrift om konstruksjon, utforming og produksjon av personleg verneutstyr (produktkrav).
Varselskilt skal setjast opp ved inngang til rom eller sone der opphald i 8 timar gir eit ekvivalentnivå høgare enn 85 dB (A), eller der det finst toppverdi av lydnivå høgare enn 130 dB (C) Peak.
Kjeldene for luftforureining er først og fremst sveising, brenning og overflatebehandling. Bruk av visse kjemikalium gir òg luftforureining.
Når du pustar inn helsefarleg støv eller gassar, kan det føre til forgifting eller andre skadar i lunger, nyrer, lever eller nervesystem.
Dersom det ikkje er mogleg å fjerne stoffa, må andedrettsvern nyttast.
Bruk alltid riktig augevern for å unngå augeskadar. Ei rekkje arbeidsoperasjonar fører med seg fare for skade på synet. Dette gjeld mellom anna framandlekamar mot auget, "sveiseblink", kjemikaliesprut og sprut frå flytande metall.
Råd:
- Skjerm arbeidsstaden så godt det lét seg gjere.
- Ved sveising: Bruk visir med godkjent sveiseglas av passande tettleiksgrad.
- Ved skjerebrenning og gassveising: Bruk vernebriller med filterglas.
Ved sliping skal vernebriller med tettsitjande augekapsel og splintsikkert glas nyttast. Hugs at sprut/partiklar òg kan treffe personar som ikkje er direkte involverte i arbeidsoperasjonen. Augevern skal derfor alltid brukast i lokale der det skjer arbeidsoperasjonar som fører med seg fare for augeskadar.
Vernebriller med gummiinnfatning (kjemikaliebriller) eller verneskjerm av klar plast skal nyttast dersom det blir handtert etsande væsker.
Relatert innhald
For å verne om liv og helse til arbeidstakarane er det viktig at personleg verneutstyr alltid blir brukt når det ligg føre risiko for farlege påverknader.