HMS-datablad
Alle avdelingar, leverandørar eller firma som bruker kjemiske stoff, er ansvarlege for at datablad blir skaffa til vegar. HMS-datablad skal vere på norsk. Arbeidsleiar skal sikre at arbeidstakaren har forstått og følgjer instruksar gitte i databladet. HMS-databladet skal alltid vere tilgjengeleg på den enkelte arbeidsplassen. Styresmaktene stiller krav til kva eit HMS-datablad skal innehalde av informasjon. Styresmaktene anbefaler at det blir utarbeidd datablad for alle kjemiske stoff og produkt som blir handterte i arbeidslivet.
Eit HMS-datablad skal totalt innehalde 16 obligatoriske punkt:
- identifikasjon av kjemikaliet og ansvarleg firma
- opplysningar om kjemisk samansetjing
- viktige faremoment
- førstehjelpstiltak
- tiltak ved brannsløkking
- tiltak ved utilsikta utslepp
- handtering og oppbevaring
- eksponeringskontroll og personleg verneutstyr
- fysiske og kjemiske eigenskapar
- stabilitet og reaktivitet
- opplysningar om helsefare
- opplysningar om miljøfare
- fjerning av kjemikalieavfall
- opplysningar om transport
- opplysningar om lover og forskrifter
- andre opplysningar som er viktige for helsa og tryggleiken til brukaren
Eit stoffkartotek består av ei samling HMS-datablad over dei kjemiske stoffa som finst på arbeidsplassen. I større verksemder bør ein ha eitt stoffkartotek for kvar arbeidsplass som bruker kjemiske stoff.