Hopp til innhald

Fagstoff

Varme arbeid

Ved varme arbeid blir det nytta maskiner og utstyr som lagar gneistar eller flammar som kan føre til brann. Det kan vere gneistar frå ein vinkelslipar, eller open flamme frå ein propanbrennar, varmluftspistol eller sveiseutstyr. Det viktigaste er å hindre at brann oppstår.
Illustrasjon av branntrekant med tekst.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brann

Det finst mange materiale som er brennbare i større og mindre grad.
For at ein brann skal kunne oppstå, trengst det brennbart materiale, høg nok temperatur og oksygen. Desse tre føresetnadene utgjer branntrekanten.

Brennbare stoff

  • Faste stoff, som kan vere tre, tekstilar og papir.
  • Væsker, mellom anna bensin, raudsprit og parafin.
  • Gassar, som til dømes acetylen, propan og butan.

Flammepunkt

Når ein ting byrjar å brenne, gir han frå seg gassar, og det er gassane som brenn. Flammepunktet er den lågaste temperaturen eit stoff må ha for å gi frå seg nok gass til å brenne når vi tenner på.

Tenntemperatur

Tenntemperatur er den lågaste temperaturen eit materiale må ha for å ta fyr. Det vil seie at temperaturen blir så høg at materialet byrjar å brenne av seg sjølv, utan at nokon tenner på.

Brennbart materiale

Flammepunkt

Tenntemperatur

Faste stoff:

Papir

170

Tre

200

Magnesium

475

Væsker:

Bensin

–40

400

Diesel

60

250

Aceton

–18

465

Varmespreiing

Varmespreiing betyr at varme spreier seg frå eit varmt til eit kaldt område. Det skjer på følgjande måtar:

Leiing. Varme blir spreidd gjennom faste materiale. Viss ein til dømes varmar eit koparrøyr som går gjennom ein vegg, kan varmen spreiast inn i veggen frå der du varmar opp røyret.

Stråling. Varme blir spreidd med infraraude strålar frå varme til kalde område utan at det treng å vere kontakt mellom varmekjelda og det brennbare materialet. Sjå for deg at du har tent eit bål. Du står inntil det og kjenner varmen frå bålet. Det er strålevarme.

Straumdrag. Varme gassar kjem frå ei varmekjelde, til dømes ein propanbrennar. Sidan varm luft er lettare enn kald luft, vil den varme lufta stige oppover og strøyme inn i luftopningar i tak og veggar på eit bygg.

Partiklar. Varme partiklar kan vere gneistar frå til dømes eit bål. Viss det blæs, kan gneistane spreie seg med vinden og setje fyr på noko anna.

Oksygen. Lufta vi pustar inn, inneheld om lag 21 prosent oksygen. Tilgangen på oksygen har mykje å seie for kor fort ein brann vil spreie seg. Aukar oksygeninnhaldet i lufta til 24 prosent, vil forbrenningsfarten fordoble seg. Aukar oksygeninnhaldet til 40 prosent, vil forbrenningsfarten tidoble seg. Det er derfor vi lukkar dører og vindauge når brannalarmen går i bygningar.

Sløkking av brann

Når vi skal sløkkje brann, må vi gjere noko med eitt eller fleire av elementa i branntrekanten. Vi kan

  • fjerne tilgangen på oksygen
  • redusere temperaturen
  • fjerne det brennbare materialet
  • bryte kjedereaksjonen

Til å sløkkje brann har vi nokre hjelpemiddel:

Vatn

  • Vatn er godt eigna mot brann i faste materiale.
  • Vatnet kjøler ned og stel energi frå brannen når det fordampar.
  • Vassdampen fortrengjer oksygen og kveler brannen.
  • Vatn må aldri brukast til å sløkkje brannar i feitt, olje eller andre væsker. Det kan gi ein eksplosjonsarta brann.

  • Ein fordel med vatn er at ein som oftast har enkel tilgang til store mengder av det.
  • Ei ulempe med vatn er at det kan fryse til is dersom det er kaldt, til dømes ved brannsløkking utandørs.

Pulver

  • Pulver er godt eigna mot brann i faste materiale, gassar og væsker.
  • Pulveret bryt den kjemiske kjedereaksjonen i brannen.
  • Pulveret blir varma opp og utviklar ein kvelande gass.
  • Pulver er mindre eigna ved glødebrann, då det ikkje har ein kjølande effekt.
  • Eit pulverapparat har avgrensa brukstid. Det tek ca. 18 sekund før det er tømt.

Skum

  • Skum er godt eigna mot brann i faste materiale og væsker.
  • Skum både kveler og kjøler.
  • Ved ein væskebrann vil skummet leggje seg som ei hinne på overflata.
  • Eit skumapparat har avgrensa brukstid.

Hugseliste ved varme arbeid

  1. Kva er faren for brann?
  2. Planlegg jobben for å unngå brannfare.
  3. Ha brannsløkkingsutstyr på plassen, minst to sekskilos pulverapparat.
  4. Hugs verneutstyr, førstehjelpsutstyr og arbeidsklede.
  5. Kan du bruke utstyr som erstattar varme arbeid?
CC BY-SASkrive av Paal Hansen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Sikkerheit