Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Arbeidsmiljø og kjemikaliebruk

På mange arbeidsplassar innan tekniske fag er det ein utstrekt kjemikaliebruk. Kjemikaliane representerer ein helserisiko – både i bruk og når vi skal handtere dei som avfall. Kva forholdsreglar må vi ta når vi jobbar med kjemikaliane, og korleis skal vi hindre desse i å gjere skade på miljøet?

Arbeidsmiljø og kjemikaliebruk

I denne oppgåva skal vi sjå nærmare på korleis vi skal handtere farlege kjemikaliar på arbeidsplassen. Kva kjemikaliar snakkar vi om? Kva helserisiko representerer desse?

1. Kjemikalieoversikt og databladarkiv

Du har fått jobb som mekanikar i eit firma som driv med køyretøyreparasjon. Bruk eventuelt skuleverksteden som arena. Skaff deg ei oversikt over dei kjemikaliane som er i bruk i verksemda. Lag ei oversikt over stoff, kjemisk innhald, kva kjemikaliane blir brukte til, og om det finst noka systematisk databladoversikt i bedrifta.

Bruk gjerne oppsettet under som utgangspunkt.

Kjemikalie- navn

Kjemisk innhald

Bruks- område

Opp- bevaring

Datablad

Les om maling og lakkering hos Arbeidstilsynet.no.

2. Helserisiko og forholdsreglar

Kva helserisiko føreligg ved bruken av kjemikaliane? Kva forholdsreglar må takast når ein skal bruke dei?

Bruk gjerne oppsettet under som utgangspunkt.

Kjemikalienamn

Helserisiko

Forholdsreglar

Plakat med faresymbol hos Miljødirektoratet.no.

3. Handtering av spesielt farleg avfall

Beskriv korleis bedrifta sørgjer for ei forsvarleg handtering av spesialavfall. Finst det moglegheiter for å bruke kjemikaliane på nytt? Kva skjer med spesialavfallet etter at bedrifta har kvitta seg med det? Undersøk handteringa av spesialavfall i avfallssystemet.

4. Avfallsplan for bedrifta

Gå saman to og to og bruk informasjonen frå oppgåvene over til å setje saman ein avfallsplan for den aktuelle bedrifta. Ein avfallsplan skal innehalde ei kortfatta oversikt over avfallstypar, handteringsmåtar og rutinar for å ta vare på ressursar og avfall. Hugs at kven som har ansvar for handtering av avfall, òg skal med i ein avfallsplan. Bruk gjerne dette forslaget til avfallsplan som utgangspunkt for din plan.

Filer

5. Kjemikaliar på avvegar

Kjemikaliar som kjem på avvegar, kan føre til alvorlege problem i naturen. Gå saman i klassen eller i mindre grupper og drøft kva skadar miljøgifter kan skape i naturen. Kva er ei miljøgift? Kva er ei næringskjede, og korleis er denne bygd opp? Kva organismar er det som ofte blir mest skadelidande av miljøgifter? Forklar mekanismane som ligg bak dette.

CC BY-SASkrive av Tor Magnus Hansen.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2018

Læringsressursar

Sikkerheit