Hopp til innhald

Fagstoff

HMT ved sveising

Her skal vi sjå nærare på ulike forhold som er viktige for å ta vare på god HMS ved sveising.
MIG-sveisar med esab-utstyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I sveiseverkstaden skal det brukast kjeledress eller jakke/bukse i bomull eller liknande. Nylon må ikkje brukast, det smeltar lett, og det er stor fare for forbrenning. Vernesko skal òg brukast.

I tillegg skal det brukast verneutstyr tilpassa operasjonane som ein utfører. Ved lysbogesveising og dekkgassveising skal det brukast sveisemaske med riktig glas. Ved gassveising, lodding eller gasskjering skal det brukast sveisebriller.

Hugs at arbeidsstykka blir svært varme under sveising, så det er viktig å bruke hanskar for å unngå forbrenning og å bli solbrend. Ha kleda godt knepte, slik at ikkje huda er framme i lyset frå sveisinga. Hugs at sveiselyset inneheld ultrafiolette strålar og har same verknaden som sola. For mykje stråling kan gi hudkreft.

Behandling av utstyr

Utstyret er relativt kostbart og må takast vare på for at det skal fungere på skikkeleg vis. Sveiseapparata må blåsast reine med jamne mellomrom, og kablar og koplingar må sjekkast. Hjul, slangar og trådleiarar skal skiftast på dekkgassapparat. Sjå etter lekkasje på slangar og skøytestykke på gassnettet/slangar. Skift ut dårlege bend og dyser.

Leiking og plaging av medelevar er heilt forbode i verkstadene, då det fort kan oppstå ulykker under desse situasjonane.

Utstyr og vedlikehald

For å verne sveisestraumkjelda mot smuss og støv skal ein blåse ho rein med jamne mellomrom. Når ho ikkje blir brukt, skal ho dekkjast over. Gløym ikkje å ta bort vernet av straumkjelda igjen før arbeidet tek til på nytt!

Sveisekabelen og returkabelen skal vere godkjende av styresmaktene. Kontroller i forskriftene kva dimensjon kablane skal ha. Dimensjonen blir vald på grunnlag av sveisestraumen som skal brukast.

Ein sveisekabel er bygd opp av ei rekkje kopartrådar eller aluminiumtrådar, som har eit isolerande materiale rundt seg.

Bruker vi lange sveise- og returkablar, blir den elektriske motstanden stor. Dermed oppstår varmetap, men i tillegg eit stort spenningsfall, som kan avgrense straumen. For å redusere spenningsfallet ved lange sveisekablar kan vi velje ein kabel med overdimensjonert tverrsnitt. Han blir skøytt til ein mindre sveisekabel, som har eit tverrsnitt tilpassa sveisestraumen, dei siste meterane fram til elektrodehaldaren. Ei kabelkopling må gi god kontakt for ikkje å føre til unødig varmetap. Ho skal dessutan vere isolert. Elektrodehaldaren må vere heilisolert og tilpassa straumstyrken og elektrodediameteren. Dei vanlegaste tilbakeleiarkontaktane er forsynte med anten klemmer ved låge straumstyrkar eller skrutvinge ved høge straumstyrkar. Ein må sørgje for god kontakt ved hjelp av eit høgt kontaktpress.

Før du koplar til ein sveisekabel, skal du kontrollere at han ikke er skadd, for eksempel ved mekanisk påverknad. Tverrsnittet kan dermed vere redusert, noko som gir dårleg leiingsevne og dermed brannfare.

Lysbogen gir eit kraftig lysskinn som kan skade auga. Det er derfor viktig at auga er skikkeleg verna av ei sveisemaske med farga verneglas.

Men lysbogen er i tillegg årsak til sterk varmeutvikling og ultrafiolett stråling, som hurtig brenner huda. Ein må derfor verne seg med føremålstenlege arbeidsklede.

Sveiserøyk

Under sveisinga blir det danna sveiserøyk. Det skjer fordi ein del element i dekket og kjernetråden fordampar på grunn av den høge temperaturen i lysbogen. Dampen kondenserer – det vil seie at han blir skild ut i små dropar. Dropane foreiner seg med oksygenet i lufta og dannar sveiserøyk.

Mengda av røyk som blir danna per tidseining, avheng av elektrodetypen.

Høgutbyteelektrodar ryk meir enn normalutbyteelektrodar. Basiske elektrodar har eit noko større røykinnhald enn rutile – både som normal- og høgutbyteelektrodar. Høg straumstyrke aukar mengda av sveiserøyk. Bruk derfor ikkje høgare straumstyrke enn du treng. Bogespenninga påverkar òg røykutviklinga. Kort boge og riktig helling på elektroden minskar derfor òg røykmengda. Det er ikkje berre røykmengda frå elektroden som avgjer helserisikoen, men òg samansetjinga av sveiserøyken. Dette ser ein best dersom ein samanliknar røyksamansetjinga frå ein ulegert elektrode med røyksamansetjinga frå ein legert elektrode.

Røykavsug

For å verne sveisaren mot ubehag og i verste fall mot yrkessjukdommar er forskjellige system for røykavsug blitt laga. Det finst dels fast installerte punktavsug som er regulerbare, dels flyttbare system. Punktavsug skal fjerne sveiserøyken frå pustesona til sveisaren. For at dette skal kunne skje, må sugemunnstykket plasserast så nær sveisestaden som mogleg. Dersom munnstykket er plassert langt frå sveisestaden, får det neppe nokon sugeeffekt på sveiserøyken.

Fast installert utstyr

Fast installert utstyr blir valt når ein har ein bestemt og avgrensa arbeidsplass. Det finst i to typar – med filter og utan. Blir filter brukt, kan den reinsa lufta gå tilbake til lokalet. Det stasjonære utstyret utan filter er kopla til det vanlege ventilasjonssystemmet i lokalet, og gjennom dette blir sveiserøyken ført ut i fri luft.

Flyttbart utstyr

Flyttbart utstyr blir gjerne brukt på tilfeldige arbeidsplassar og når ein må bevege seg over store areal. Det kan i tillegg brukast på faste arbeidsplassar der det av økonomiske omsyn ikkje kan brukast stasjonært utstyr.

Det er spesielt viktig å bruke røykavsug ved sveising innandørs eller i tronge rom – spesielt når røykutviklinga er stor og det ikkje finst noka luftveksling. Særleg når ein sveiser legert stål, bør ein bruke røykavsug, for då blir det danna helsefarlege gassar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Industriskolen. Rettshavar: Industriskolen
Sist fagleg oppdatert 07.09.2018

Læringsressursar

Sikkerheit