I emnet boreinnretningar blir du kjend med dei ulike riggane og skipa som blir brukte til boreaktivitetar og brønnservice. Vi viser kvar du finn riggutstyret som blir brukt til å handtere røyr, væsker og anna utstyr som blir brukt i og på brønnen. Du lærer òg om kva oppgåve utstyret har, og kvifor det er i bruk. Vi har lagt inn videosnuttar og lenkjer til eksterne kjelder som kan bidra til betre innsikt og fordjuping i emnet. Dette emnet er delt inn i to tema.
Installasjonar til boring og brønnservice
Det er eit stort utval av ulike typar riggar og skip som blir brukte til boring og brønnservice på norsk sokkel. Alle desse farkostane kan flyttast, og dei blir brukte på oppdrag rundt om i heile verda.
I dette temaet ser vi nærare på kvar innretningane passar best avhengig av havdjup og reservoardjup, korleis dei er sette saman i modular, og kva som er særeige for kvar av riggtypane.
Utstyret riggen har til boring og brønnaktivitetar
I boremodulen står boretårnet sentralt plassert over brønnen. I boremodulen og på røyrdekket det montert kraner og hydraulisk, pneumatisk og manuelt utstyr som blir brukt for å handtere borerøyr og anna utstyr som skal inn og ut av brønnane.
I same område finn vi tankar og mikse-, sirkulasjons- og reinsesystem for brønnvæsker og sement som blir pumpa inn i brønnen.
All aktivitet på brønnar krev sikring mot utslepp av olje og gass i havet. Ei slik sikring har mange ventilar og blir kalla BOP. Her lærer du om kvar vi plasserer BOP-en frå dei ulike innretningane.