Boring (Beta)
I programfaget Boring blir du kjend med korleis det er å jobbe offshore, kva typar offshore-installasjonar du kan reise til, og kva utstyr som blir brukt på overflata og i brønnen i boreaktivitetane.
Boring er delt opp i tre hovudemne som til saman vil gi deg ei oversikt over kva det inneber å jobbe som boreoperatør.
Boreinnretningane
I emnet boreinnretningane lærer du om installasjonane som blir brukte til boreoppdrag, korleis det er å jobbe og bu offshore og om utstyret som er vanleg å bruke i boring.
Boreoperasjoner
I emnet boreoperasjonar lærer du korleis olje og gass blei danna og lagra i reservoar på den norske sokkelen, kva ein borestreng består av, korleis du skal bore og sikre brønnen, og kva for geologiske forhold som påverkar borevala vi gjer.
Barrierar
I emnet barrierar vil du lære mykje om barrierar både i brønnen og på overflata. Desse er grunnlaget for ein sikker og miljøvennleg boreoperasjon og sikring av brønnar som skal forlatast.
Fokusområde i faget
Sentrale tema i Boring er barrierar i og på brønnen, og overflateutstyr og nediholsutstyr som blir brukt i samband med boring. Du vil òg få god innsikt i livet om bord i installasjonen offshore.
I dette faget har vi laga to podkastar med folk som jobbar i oljebransjen og mange interaktive ressursar til introduksjon og refleksjonsoppgåver i emnet.