Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Praktisk oppgåve – open installasjon

I dette læringsoppdraget skal du planleggje, utføre og gjennomføre sluttkontroll av ein open elektrisk installasjon. Du skal òg utarbeide aktuell anleggsdokumentasjon.

Planlegging

Kunden har pussa opp stova og vil ha ny lyssetjing og nye stikkontaktar. Dette må gjerast som ein open installasjon, sidan kunden ikkje ønskjer å rive veggar eller tak. Du vel sjølv kva slags materiell, utstyr og verktøy du treng, og foreslår gode løysingar for kunden.

Kunden har ein forbrukskurs lagd til ein koplingsboks i stova, som blei brukt til dei gamle lampene som no er fjerna. Kabelen er PN 1,5 mm², installert med forlegningsmåte C. Kursen er sikra med ein jordfeilautomat type B10A. Lengda på kursen frå koplingspunktet i stova til sikringsskåpet er 15 meter.

  1. Foreslå ei løysing for kunden, og planlegg kva du treng av materiell, utstyr og verktøy.
  2. Lag installasjonsteikning og koplingsskjema.
  3. Gjer ei risikovurdering for arbeidet.

Relatert innhald

Oversyn over dei mest vanlege skjemasymbola som blir brukte i installasjonsteikning i ein bustad i dag.

Praktisk utføring

  1. Kople opp installasjonen din slik du har planlagt han.

Det er viktig å montere installasjonen fagmessig. Her er det viktig å følgje normer og forskrifter. Dei viktigaste momenta her er å feste kablar forskriftsmessig, å skru godt til i alle koplingar og å sjekke at koplingane er varige og solide. Sjå eigne instruksjonsvideoar om dette.

Relatert innhald

Test og sluttkontroll

Installasjonen skal vere sikker både for brukaren og for den som arbeider med han. Gjennomfør sluttkontroll og funksjonstest av anlegget ditt.

Relatert innhald

Her er nokre døme på elektriske målingar du skal gjere i samband med sluttkontrollen.

Dokumentasjon

Utarbeid komplett anleggsdokumentasjon der du får med følgjande:

  1. kursoversikt
  2. installasjonsteikning
  3. koplingsskjema
  4. dokumentasjon av kabel og vern
  5. materialliste
  6. samsvarserklæring
CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2020

Læringsressursar

Lys, lysstyring og stikkontakter