Planlegging
Kunden skal totalrenovere stova og ønskjer ny lyssetjing og nye stikkontaktar. Dette ønskjer han utført som ein skjult installasjon. Du kan sjølv vurdere ulike løysingar, alt etter kva du tenkjer blir best for kunden. Ønskjer du å gå for spot-lys eller vanlege taklamper? Det er opp til deg.
Kunden har ein forbrukskurs lagd fram til stova, han er kopla til ein eigen kurs i sikringsskåpet. Kabelen er PN 1,5 mm², installert med forlegningmåte A1. Kursen er sikra med ein jordfeilautomat type B10A. Lengda på kursen frå koplingspunktet i stova til sikringsskåpet er 13 meter.
- Foreslå ei løysing for kunden, og planlegg kva du treng av materiell, utstyr og verktøy.
- Lag installasjonsteikning og koplingsskjema.
- Gjer ei risikovurdering for arbeidet.
Relatert innhald
Praktisk utføring
- Kople opp installasjonen din slik du har planlagt han.
Det er viktig å montere installasjonen fagmessig. Her er det viktig å følgje normer og forskrifter. Dei viktigaste momenta her er å feste k-røyr, veggboksar og takboksar forskriftsmessig, å skru godt til i alle koplingar og å sjekke at koplingane er varige og solide. Sjå eigne instruksjonsvideoar om dette.
Relatert innhald
Test og sluttkontroll
Installasjonen skal vere sikker både for brukaren og for den som arbeider med han. Gjennomfør sluttkontroll og funksjonstest av anlegget ditt.
Relatert innhald
Dokumentasjon
Utarbeid komplett anleggsdokumentasjon der du får med følgjande:
- kursoversikt
- installasjonsteikning
- koplingsskjema
- dokumentasjon av kabel og vern
- materialliste
- samsvarserklæring