Hopp til innhald

Fagstoff

Plast

Å framstille plast krev lite energi samanlikna med andre materiale som stål og aluminium. Dei viktigaste plastmateriala i dag er PE (polyetylen), PP (polypropylen) og PVC.
Ulike røyrdelar i plast. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framstilling og eigenskapar

Plast er eit svært lett materiale samanlikna med metall. I praksis veg plast ein femdel av stål. Metall er ca. hundre gonger så stivt som plast, men dette varierer ein del. Ved låg temperatur vil plasten bli stiv og sprø, og auka varme vil gjere han mjukare. Dette må ein ta omsyn til når det gjeld bruksområde.

Plast leier ikkje straum og er godt eigna til elektrisk isolasjon. Han leier heller ikkje varme. Dette kan ofte vere ein fordel, men iblant kan det òg vere negativt, sidan plasten ikkje er lett å kjøle ned viss noko er i ferd med å gå varmt.

Vi kjenner til at metall utvidar seg ved varme. Plast utvidar seg ti gonger så mykje som metall.

Plast har etter kvart teke mykje over i båtutstyr, sidan metall korroderer (blir rustent). Men òg plast reagerer med væsker, og vi kan oppleve at plasten mistar fastleiken sin etter ei tid.

Hovudtypar

Plastmateriala blir delte inn i to hovudgrupper: termoplast og herdeplast.

Artikkel om plast frå Wikipedia.

Artikkel om herdeplast frå Store Norske Leksikon.

Forbruk

Plastforbruket fordeler seg slik, med cirkatal i prosent:

  • Byggsektoren (25 prosent)
  • Emballasje (20 prosent)
  • Tekniske artiklar (20 prosent)
  • Måling, lakk og lim (10 prosent)
  • Andre artiklar (10 prosent)
  • Hushald (5 prosent)
  • Innreiing og møbel (5 prosent)
  • Sport og fritid (5 prosent)

Plast til køyretøy

I tillegg til metalliske materiale blir det nytta mykje plastmateriale (kunststoff) i moderne køyretøy. Det er fleire grunnar til at kunststoffa overtek stadig fleire bruksområde der ein tidlegare brukte metall.

Ein vesentleg grunn er at materiala er vorte teknisk mykje betre, og samstundes har auka produksjonsfart redusert einingskostnadene ein god del.

Bilindustrien nyt òg godt av dei materiala romfartsforskinga har utvikla til bruk i prosjekta sine, der det er kvaliteten og ikkje kostnadene som er viktigast.

Plastmateriala har dessutan vorte lettare å reparere i takt med den aukande bruken.

Køyretøybransjen har solide tradisjonar for å utvikle kreative metodar for å reparere dei konstruksjonsmateriala til dømes eit karosseri består av.

Bearbeiding

  • Plast kan sponskjerast.
  • Plast kan sveisast med bruk av varmluft.
  • Plast kan limast med eigna løysemiddel og spesiallim.
  • Termoplast kan varmeformast.
  • Plast kan støypast, med sprøytestøyping som den vanlegaste metoden.

Filmar og artiklar

Her finn du eit par spennande filmar om plastframstilling og ein artikkel om plast i Noreg:

Engelsk film om plastframstillingsmetodar på youtube.com.

Engelsk film om plastframstillingsprosessen på youtube.com.

Artikkelen «Plast i det moderne Noreg» frå Teknisk museum.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2019

Læringsressursar

Plastmateriale