Hopp til innhald

Fagstoff

Fordelar med plastmateriale

Vi skal no punktvis gå gjennom dei fordelaktige eigenskapane plastmateriala har.
Fluoriserande plastfigurar i fleire farger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordelaktige eigenskap

Låg vekt

Tettleiken (0,9-2,2g/cm3) er berre 15 prosent av stål.

Bra styrke

Strekkfastleiken er ein god del mindre enn for for eksempel ulegert stål. Det trengst derfor større volum plastmateriale for at konstruksjonen skal få same styrken. Somme plastmateriale (epoksy ca. 300N/mm2 og polyester ca. 200N/mm2) er sterkare enn dei andre plastmateriala og blir derfor nytta til karosseridelar i berande konstruksjonar. Dei såkalla komposittmateriala oppnår ein utruleg styrke ved at fleire materiale blir laminerte saman under press.

Låg varmeleiing

Plastmateriala har god varmeisolasjon og blir derfor brukte som isolasjonsmateriale i ulike karosserikonstruksjonar. Ved lokal oppvarming kan plastmateriala fort oppnå sin eigen smeltetemperatur som ikkje er meir enn frå 55 til 250 ºC.

Elektrisk isolator

Plastmateriala har lita eller inga elektrisk leieevne, derfor blir dei nytta som elektrisk isolasjon i elanlegga i køyretøya og som isolerande belegg for elektrolytiske spenningar mellom dei ulike metalliske materiala.

Mekanisk slitasje

Somme plasttypar toler mykje mekanisk slitasje, og dersom ein unngår for store belastningar, kan dei oppnå lang levetid. Nylon- og teflonfôringar er sjølvsmørjande, og derfor blir desse nytta som fôringar og lagringar på køyretøy/chassis (nærare bestemt stabilisatorstag, kingboltar m.m.).

Kjemisk motstand

Somme plasttypar har svært god motstand mot kjemikalium. Ulike plasttypar har motstand mot ulike kjemikalium.

God korrosjonsmotstand

God korrosjonsmotstand er eit av dei beste argumenta for å bruke plastmateriale i karosserikonstruksjonar. Somme karosserikonstruksjonar er bygde med plast som hovudelement.

Vibrasjonsdempar

Plastmateriala har ein del av evnene som gummien har til å dempe vibrasjonar og lyd, noko det alltid vil bli ein del av i eit køyretøy. Lyden og vibrasjonane kjem både frå dei mekaniske elementa i køyretøyet og frå vegbanen.

Farge og form

Plastmateriale er lette å forme og kan gjennomfargast i ønskte fargar (gjeld ikkje riktig alle typar). Dei fleste plasttypane kan overlakkerast med vanlege billakkmateriale dersom det blir nytta eit spesielt reinsemiddel i tillegg til mjuknarar og heftgrunning for plast. Plast kan òg metalliserast med metall som krom og nikkel og blir då til forveksling lik metallgjenstandar.

Reparasjonsvennlegheit

Reparasjonsvennlegheita er blitt betra mykje ettersom plastmateriala er blitt utvikla og no er «vanlege» byggjemateriale i fleire bransjar.

«Miljøvennlegheit»

Plastmateriala er enkle å resirkulere, og dette er blitt meir utbreidd i distrikta òg ettersom volumet av plastmateriale er blitt større. Merking av plastmateriala er ein nøkkel for å få til resirkulering, og på delar/reservedelar av plast er dette blitt standardisert, og merkinga blir gjord hos produsentane. Dette systemet forenklar òg eventuelle reparasjonar.

Gunstig pris

Plastframstilling krev lågt energibehov. Dessutan gir produksjon i store seriar låg kostpris for plastmateriale.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2018

Læringsressursar

Plastmateriale