Hopp til innhald

Fagstoff

Framstilling av plast

Plast er fellesnemnaren for ei stor gruppe kunstig framstilte materiale med ulike kjemiske samansetjingar og bruksområde. Materiala blir ofte kalla kunststoff, med bakgrunn i at dei fleste er kunstig framstilte.
Plastmolekyl. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Karakteristisk for alle typar plast er at dei er bygde opp av svært store molekyl som mellom anna inneheld grunnstoffet karbon (kjemisk symbol C).

Halvsyntetisk og heilsyntetisk

Det blir nytta to hovudmetodar for framstilling av plast, halvsyntetisk og heilsyntetisk. Ved begge metodane blir det brukt kunstig framstilling. I tillegg kjem framstilling av plast som baserer seg på naturgummi frå tre.

Ved halvsyntetisk framstilling bruker ein store molekyl frå naturen og tilpassar dei til føremålet. Til denne gruppa høyrer celluloseplast, som er basert på cellulose frå tre og bomull.

Ved heilsyntetisk framstilling byggjer ein opp dei store molekyla frå mindre einingar. Dei fleste plasttypane høyrer til i denne gruppa. Vidare er dei fleste plasttypane framstilte av hydrokarbonolje, våtgass eller kol, der grunnstoffet karbon er ein viktig del.

Polymerisasjon

Ei anna nemning som blir brukt i samband med plast med hydrokarbon som opphav, er «organisk materiale», i og med at utgangspunktet er restar frå dyr og plantar (som med jordolje). Dei store molekylrekkjene blir danna ved at enkeltmolekyl (monomerar) knyter seg saman og dannar store kjeder. Denne prosessen blir kalla polymerisasjon.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 06.06.2018

Læringsressursar

Plastmateriale