Oppgåve
Høyr deg sjølv – forsking
Kva legg du i uttrykket forskarspire?
- Kva er ei datasimulering?
- Kva er skilnaden på eit måltal og ei måleining (eining)? Kva har dette med fysiske storleikar å gjere?
- På kva for to måtar kan vi måle masse?
- Kvifor kan vi stole på måleinstrumenta som er i bruk ved kjøp og sal?
- Kva er skilnaden på feilmarginar og målefeil?
- Kva er skilnaden på absolutt og relativ feilmargin?
- Gi døme på korleis vi kan redusere feilmarginen.
- Kor mange siffer skal vi ta med når vi fører opp verdien av ein målt storleik?
- Kva meiner vi med observasjonsdata? Gi døme.