Forsøk: Undersøk objekt i ein plastilinklump
Denne oppgåva gir eit inntrykk av korleis det er å orientere seg om ein har få sansar. Den eineste "sansen" du har her, er ein pinne du kan stikke i plastilinen med.
Du skal finne ut kva som er inne i plastilinklumpen utan å opne han for å sjå. Undervegs skal du setje opp hypotesar om kva denne gjenstanden kan vere.
Ein teori er, i naturvitskapen, ei grunnleggjande framstilling som det er stor grad av semje om.
Ut frå observasjonar stiller forskarar opp hypotesar som dei ønskjer å teste ut. Hypotesar er kvalifiserte gjettingar eller førehandsmeiningar.
Deretter utfører dei forsøk for å avsløre om hypotesen er feil. Det kallar vi å falsifisere hypotesen.
Dersom forskarar ikkje klarer å falsifisere hypotesen, kan han vise seg å vere rett..
Plastilin, ukjend gjenstand, strikkepinne eller en utrettet binders
- Kvar person/gruppe får utlevert ein klump plastilin med ein ukjend gjenstand i.
- De skal prøve å finne ut kva denne gjenstanden er, ved å stikke i klumpen med strikkepinne, utretta binders eller liknande.
- Først skal de prøve å lage ein hypotese (ei gjetting) om kva som er inne i klumpen, utan å gjere noko anna enn å sjå på han.
- Etter 5 stikk skal de lage ein ny hypotese om kva som er inne i klumpen (eller behalde den gamle hypotesen om han framleis verkar sannsynleg).
- Deretter skal de stikke 5 gonger til, og lage ein ny hypotese.
- Gjer det same for kvart 5. stikk heilt til de har totalt 25 stikk.
- Den siste hypotesen er den endelege hypotesen.
- Opne deretter klumpen og drøft korleis innhaldet samsvarar med hypotesen.
Tips
Lag ei tegning av klumpen og kryss av for kor du stikk etter hvert stikk. Prøv å lage ei tegning av det som er inne i klumpen, ved hjelp av kryssa.
Hypotese før første stikk:
Hypotese etter 5 stikk:
Hypotese etter 10 stikk:
Hypotese etter 15 stikk:
Hypotese etter 20 stikk:
Endeleg hypotese etter 25 stikk:
Kva var det som var inne i klumpen?
Korleis gjekk det med den endelege hypotesen din?