Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Løft med blindsone – prosjektoppgåve

Når eit løft skjer i blindsone, aukar risikoen for klemskade.
Kranløft med blindsone. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Case:

Om bord på ein semisub-rigg

Det er venta ein båt som er lasta med eit ventiltre (X-mas tree). Dette ventiltreet, som veg 35 tonn, skal løftast frå båten og over til riggen. Løftet av lasta skal skje med kran på riggen. Landestaden for ventiltreet er i eit område der kranførar ikkje har nokon visuell kontakt med last eller flaggmenn som skal vere med å gjere jobben.

Problemstillinga er altså eit tungt løft med blindsone:

  • Dann eit arbeidslag med områdeleiar, flaggmann og kranførar.
  • Analyser jobben, lag skisser.
  • Kva omsyn må de ta?
  • Kva dokument skal fyllast ut?
  • Sikringstiltak?
  • Fullfør planlegginga med utfylling av dei dokumenta som er nødvendige.
  • Presenter i prejobbmøte (klassen) kva de har planlagt og kva krav de innfrir i regelverket.
CC BY-SASkrive av Kenneth Ludvigsen. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 18.07.2017

Læringsressursar

HMS erfaringsoverføring