Hopp til innhald

Fagstoff

Raud sone på boredekket

Raud sone på boredekket er eit av dei beste sikringstiltaka som er innførte for boredekksarbeidarar på norsk sokkel.
Boredekksarbeidarar på Oseberg C-plattforma. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Raud sone på boredekket

Raud sone er eit omgrep som først blei introdusert på starten av 2000-talet. Det begynte med ei sone som skulle stengje av ein liten del av boredekket, nærmare bestemt i det området der opererte.

Sona er i dag utvida til å dekkje heile området der det er fare for fallande gjenstandar på boredekket – ikkje berre frå topdrive, men også frå boretårnet og alt rørleg utstyr som er tilknytt området.

Varsling om entring

Det er ikkje tillate å bevege seg inn i raud sone når det er utstyr i rørsle, eller utan løyve frå . Det vil seie at om du ønskjer å gå inn i raud sone for å gjere ein jobb når alt utstyret står i ro, må du likevel be om løyve frå drillar først. Driller er ansvarleg for sikkerheita på boredekket og skal heile tida ha oversikt over kva som skjer i sona. Når du er ferdig med nødvendig opphald i raud sone, skal du gi beskjed om det. Driller vil òg alltid spørje om alle er ute av raud sone, før utstyret blir starta opp.

Rett til å stanse arbeid

Alt personell som er involvert i arbeidsoperasjonar på boredekket, har eit ansvar for at raud sone blir respektert og følgd etter beste evne. Dersom driller prøver å starte ein operasjon før alle er ute av den raude sona, kan alle som er i området, gripe inn og stanse arbeidet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kenneth Ludvigsen. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

HMS erfaringsoverføring