Hopp til innhald

Fagstoff

Klemfare i ulike situasjonar

Klemskadar kan unngåast dersom ein følgjer prosedyrar og har riktig haldning til farane. Klemskadar kan forårsake alt frå ein vond finger til tap av liv.
To flaggfolk sørgjer for at konteinarar blir landa om bord på ein supplybåt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prosedyrar kan vere livreddande

Klemfare heng ofte saman med bevegeleg utstyr. Bevegeleg utstyr er vanlegvis styrt ved hjelp av teknologi og hydraulikk, og ofte fjernoperert. Når den som køyrer utstyret, ikkje er fysisk i nærleiken, er det vanskeleg å ha full oversikt i heile området. Dette er vanleg både for kranar på dekk og for røyrhandteringsutstyr på boredekk. Derfor er det svært viktig å vise respekt for sperringar og vernande tiltak som på boredekk.

Hydraulisk utstyr har enorme krefter som ikkje stoppar bevegelsane om det treffer ein menneskekropp. Prosedyrane rundt raud sone og arbeid på bevegeleg utstyr er med på å førebyggje klemskade på boredekk.

Også manuelt bevegeleg utstyr kan skade personell. Sjølv om det ikkje er ønskjeleg eller i samsvar med hovudregelen, hender det at vi er nøydde til å bruke tungt verktøy som må handterast manuelt. Dette kan føre til situasjonar der ei hand eller ein finger kjem i klem. I slike arbeidssituasjonar er det viktig at vi planlegg og kommuniserer godt – for å hindre skadar.

Boredekksarbeidarar trekk ut borerøyr frå brønnen. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mindre skadar kan òg unngåast

Det finst mange former for klemskadar. Dei mest vanlege og det ein tenkjer først på, er klemskadar på hender og føter. Dette fordi det er hendene ein bruker mest i ein arbeidssituasjon og som derfor oftast er i ein situasjon der det er fare for å få ein klemskade. Beina er alltid under oss, og det er fort gjort at noko landar oppå foten. Denne typen skade kan vere alt frå ein liten skade, som krev eit plaster eller ein ispose, til ein større skade eller eit brot som endar opp i eit sjukehusopphald.

Ein boredekksarbeidar går på toppen av ein stabel med oljerøyr på ei oljeplattform. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opp gjennom åra er det mange arbeidarar som har blitt arbeidsuføre grunna klemskadar på hender og føter. Derfor er det viktig å vere konsentrert i alle arbeidssituasjonar. Når hendinga skjer, då skjer det fort. Det er uansett viktig og riktig å oppsøkje sjukepleiar om bord om ein kjem ut for ein klemskade. Utan nødvendig førstehjelp kan skaden bli mykje verre enn han treng å vere.

Verneutstyr

Det er viktig å bruke det verneutstyret som er tilgjengeleg og påkravd. Vernesko med ståltupp har redda ein del tær frå skade ved små hendingar som kunne ført til skade med vanleg skotøy.
Det finst òg hanskar som vernar mot dei minste og mest vanlege skadane på hendene. Bruk det utstyret du får utlevert og som er tilgjengeleg på installasjonen. Klemskadar på hender og føter endar sjeldan eller aldri med dødsfall, men det kan hindre deg frå å halde fram i den jobben du har.

Alvorlege hendingar

Det finst òg mykje meir alvorlege former for klemskadar. Då snakkar ein om klemskadar som blir påførte andre stader på kroppen, og som kan ende i invaliditet eller i verste fall død. Denne typen klemskadar oppstår som oftast når ein er i ein kritisk arbeidssituasjon og mistar oversikt over situasjonen. Det kan vere ein løfteoperasjon, eller det kan vere i samband med arbeid på og med bevegeleg utstyr.

Kva kan vi lære av tidlegare hendingar?

For å forstå farane og konsekvensane ved å bryte prosedyrar og retningslinjer som arbeidstakar skal vi sjå på nokre døme på kor gale det kan gå om ein blir utsett for denne alvorlege typen klemskade. Og det er ikkje alltid det er den som blir utsett for skaden som har brote nokre prosedyrar.

Kran- og løfteoperasjon

"En mann kom i klem under et løft på pipedeck. Løftet ble foretatt i en blindsone uten at man hadde forsikret seg om at området var uten folk. Personen omkom."

Når ein går inn på pipedeck, skal ein melde frå til områdeansvarleg personell. Det er vanlegvis ein flaggmann. Då er det kjent at du oppheld deg i området, og du kan bortvisast før løfteoperasjonar startar i området.

Boreaktivitet

"En boredekksarbeider som var i ridebelte for å frigjøre et borerør, ble klemt mellom øvre rørhåndteringsarm og et borerør. Personen omkom."

Det er særs viktig å ha ryggen fri under alle løfteoperasjonar. Dette for at ein skal ha moglegheit for å springe i tryggleik om ein ser at løftet kan gå gale. Er det noko som hindrar deg i å ha fri rømmingsveg, vil det vere stor fare for ein alvorleg klemskade.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kenneth Ludvigsen. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 26.07.2017

Læringsressursar

HMS erfaringsoverføring