Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis var første dag i praksis?

I denne oppgåva skal du fortelje om erfaringa di frå praksis i bedrift. Første praksisdag eller praksisperiode er alltid spennande. Korleis blei du teken imot, og kva slags informasjon fekk du? I oppgåva skal du reflektere over korleis dei første dagane har vore.
To personar arbeider saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Gå saman i grupper på tre–fire personar, og fortel kvarandre korleis de blei tekne imot på praksisplassen.

  1. Kva var bra, og kva kunne vore gjort annleis? Lag ei liste med punkt, og legg henne fram for klassen.

  2. Diskuter felles i klassen korleis praksisbedrifter bør ta imot elevar. Samanfatt dette i eit dokument.

Dokumentet kan skulen bruke når han samarbeider med bedriftene. Det er viktig at praksiselevar blir tekne godt imot og får god informasjon og opplæring.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen og Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2021

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling