Hopp til innhald

Fagstoff

Medarbeidarsamtale

Bedrifta bør ha eit tilbod om ein årleg eller halvårleg medarbeidarsamtale for alle tilsette. Dette er ein samtale mellom medarbeidaren og hans eller hennar næraste overordna.
Jobbsamtale. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medarbeidarsamtalen

Arbeidslivet er inne i ein av dei største omstillingsprosessane nokosinne. Det kjem stadig nye krav til teknologi, kompetanse og inntening. Tett kontakt mellom medarbeidaren og hans eller hennar overordna er derfor heilt nødvendig. Eit godt hjelpemiddel er medarbeidarsamtalen.

Undersøkingar viser at motivasjonen aukar når dei tilsette får tilbakemelding på innsats og resultat. Dette bør det givast rom for i samtalen. Men òg påskjønning og framtidige karrieremoglegheiter bør vere ein naturleg del av samtalen.

Medarbeidarsamtalen har gjerne fem sentrale emne:

  • mål for arbeidet
  • resultat av arbeidet
  • arbeidsmetodar
  • arbeidsmiljø
  • kompetansebygging

Samtalen bør vere godt førebudd av begge partar. Ei oppsummering av førre medarbeidarmøte er eit viktig utgangspunkt. Arbeidstakaren blir på førehand beden om å tenkje gjennom aktuelle punkt og saker han eller ho sjølv vil ta opp.

Det bør setjast av god tid til møtet, og ein bør sørgje for at partane ikkje blir forstyrra.

Nokon vil hevde at denne kontakten er for snever. Ein moderne leiar bør ha ein kontinuerleg dialog med medarbeidarane sine – dag for dag, veke for veke. På den måten vil leiaren heile tida kunne lodde stemninga og avdekkje behov. Ein medarbeidarsamtale kan uansett vere ei fast ramme for dei meir formelle tinga som skal takast opp. Desse samtalane opplevast normalt som svært viktige for den tilsette.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.07.2018

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling