Hopp til innhald

Fagstoff

Personalutvikling

Målsetjinga med personalutvikling er å stimulere medarbeidarane til fagleg og personleg utvikling. Det er nemleg éi sak å tilsetje rett person, ei heilt anna å utvikle og halde på vedkommande. Vi skal her sjå på kva verkemiddel som er aktuelle i denne samanhengen.
Barn kledde ut som vaksne arbeidarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Karriereplan

Bedrifta bør lage ein karriereplan for den enkelte tilsette. Planen skal vise kva slags utdanning, kompetanse og ferdigheiter medarbeidaren har, men planen bør først og fremst innehalde planar for vidareutdanning, opplæring og kompetanseutvikling.

Den tilsette bør på si side setje opp sine eigne målsetjingar og sin eigen karriereplan. Det beste er sjølvsagt om bedrifta sin plan og den personlege planen er mest mogleg like. Då vil det vere større sjanse for at vedkommande blir ein stabil og lojal medarbeidar i lang tid framover.

Kompetanse- og personalutvikling

Dei tilsette er i dag ofte meir interesserte i moglegheitene for personleg utvikling enn i lønna. Mange tilsette ønskjer arbeidsoppgåver som er interessante, og som gjer dei attraktive for andre jobbar i framtida.

Kvar arbeidsdag er ofte "ein skuledag", men verksemda bør i tillegg vere bevisst på behovet for kursing og opplæring. Verksemda bør gjennomføre ei planlagd og systematisk opplæring. Det kan innebere både intern og ekstern opplæring. Ofte er det tilstrekkeleg med eit internkurs. I andre tilfelle er føretaket avhengig av ekstern ekspertise.

Tenk deg ein bilmekanikar. Vil han eller ho ha behov for opplæring etter å ha vore tilsett i lengre tid? Ja! Bilane får stadig meir elektronikk. Mykje av feilsøkinga skjer med elektronisk utstyr. Samtidig skjer det ei rivande utvikling i retning av meir miljøvennlege bilar.

Større bedrifter har ofte ei eiga personalavdeling eller HR-avdeling. HR står for Human Resources (menneskelege ressursar). Slike avdelingar vil stimulere til opplæring, medarbeidardeltaking og eit godt arbeidsmiljø.

Det er viktig å halde på medarbeidarar og sikre kunnskapen i verksemda. Vilkåra er god personalbehandling og stimulerande tiltak som motiverer arbeidarane til å vere villige til å dele kunnskapen sin med andre.

To bilete av menn og motor. Biletet til venstre er i svart-kvitt og viser to unge menn som skrur på ein motor. Biletet til høgre er i fargar og viser to meir vaksne menn som står og studerer det som er under panseret på ein bil. Den eine av dei held ei datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utsette grupper

Det er eit viktig mål for arbeidslivet i Noreg at alle har eit godt arbeidsmiljø. På Vg1 har du lært ein del om HMS-arbeid, arbeidsmiljølova og dei krava som lova stiller. Her skal vi ta for oss grupper av tilsette som kan vere spesielt utsette.

Kvinner, eldre og menneske med fleirkulturell bakgrunn kan vere utsette grupper både med tanke på tilsetjing, intern behandling og oppfølging i arbeidssituasjonen.

Kvinner har framleis ofte det meste av omsorgsarbeidet i småbarnsfamiliar, og blir ofte forbigått av menn når det gjeld lønn, karriere og utvikling.

Eldre kan lett falle utanfor arbeidslivet på grunn av den teknologiske utviklinga eller fordommar mot eldre generelt.

Det same gjeld menneske med fleirkulturell bakgrunn. Kultur- og språkbarrierar kan vere medverkande, men òg fordommar og manglande tillit til utdanninga dei har frå heimlandet, kan spele inn.

Omskulering

Det er eit stort behov for omskulering i dagens samfunn. Arbeidstakarar skiftar ofte arbeid – i snitt seks gonger i løpet av arbeidskarrieren sin. Dei fleste gongene skjer jobbskiftet i same firma, anten i form av avansement eller på grunn av omorganiseringar.

Tenk over


Kvifor er det viktig å dele kunnskap med andre på arbeidsplassen?

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.07.2018

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling