Hopp til innhald

Fagstoff

Regelverk – forholdet til kundane

Det er mange lover som regulerer forholdet mellom sals- og reiselivsbedrifter og kundane deira. Du må mellom anna kjenne til kva plikter du har overfor kundane i samband med sal av produkt.

Filmen ovanfor viser kva rettar kundane dine har når dei er forbrukarar. Det er viktig at du kjenner til rettane deira.

Dei viktigaste lovene som regulerer forholdet mellom bedrifter og kundane deira, er

  • forbrukarkjøpslova
  • kjøpslova
  • angrerettlova
  • pakkereiselova
  • personopplysningslova
  • likestillings- og diskrimineringslova

Forbrukarkjøpslova

Forbrukarkjøpslova regulerer rettane og pliktene til kjøparen og seljaren ved forbrukarkjøp. Lova er ufråvikeleg, det vil seie at kjøpar og seljar ikkje kan avtale noko som er mindre gunstig for forbrukaren enn det som følgjer av lova.

Når gjeld lova?

Forbrukarkjøpslova gjeld når du som seljar opptrer i næringsverksemd og sel til ein privatperson som kjøper ei vare til eige forbruk. Dersom du til dømes eig ein klesbutikk, vil kundane dine ha rettar etter denne lova.

Kva seier lova?

Når du sel eit produkt til ein kunde, får kunden eigedomsretten til det, og du får betaling til rett tid. Då er det viktig at produktet blir levert i god stand og til rett tid.

Lova har òg reglar som omhandlar rettane til forbrukarane dersom det oppstår manglar eller forseinkingar ved eit sal.

Kjøpslova

Kundane dine kan òg vere andre bedrifter. Om du sel til andre bedrifter, er det reglane i kjøpslova som gjeld. Sidan de då er likeverdige partar, har bedriftskundar færre rettar enn privatkundar, som er forbrukarar.

Kva seier lova?

Dei viktigaste punkta i kjøpslova er at varene du sel, skal leverast til avtalt tid og stad. Dersom ei vare er forseinka eller har manglar, kan kunden heve kjøpet, krevje ny vare, få erstatning eller få avslag i prisen.

Kjøpslova er ikkje ufravikeleg slik som forbrukarkjøpslova er. Det vil seie at du og kunden kan inngå ein avtale der de fråvik reglane i lova.

Angrerettlova

Mens forbrukarkjøpslova og kjøpslova gjeld for kjøp i butikk, gjeld angrerettlova for kjøp på nett, via telefon eller på messe. Ved slike kjøp har kunden inntil to vekers angrerett på varer som kostar 300 kr eller meir, og som er kjøpte av næringsdrivande i EØS-land.

Når gjeld lova ikkje?

Angrerettlova gjeld ikkje om kunden kjøper ei vare privat eller i ein butikk. Lova gjeld heller ikkje om kunden handlar frå nettbutikkar utanfor EU, til dømes amerikanske nettbutikkar. Kunden treng ingen spesiell grunn for å kunne nytte angrefristen.

Lova har nokre unntak. Ho gjeld til dømes ikkje ved kjøp av flyreiser, hotellovernattingar eller nettauksjonar.

Kva seier lova?

Nettbutikkar, og andre som er forplikta av angrerettlova, pliktar å gi kundane utfyllande opplysningar om produkta før kundane kjøpar. I tillegg må du som seljar sende ei avtalestadfesting og eit angrerettskjema til kunden. Gjer du ikkje det, kan angrefristen bli utvida med inntil eitt år.

Likestillings- og diskrimineringslova

Alle menneske har rett til å bli behandla på same måten.
Likestillings- og diskrimineringslova set eit generelt forbod mot diskriminering. Straffelova har òg ei eiga føresegn (§ 186) som slår fast at det er straffbart å nekte nokon produkt på grunn av religionen, livssynet eller hudfargen deira, eller fordi dei tilhøyrer ei bestemd folkegruppe (nasjonalt eller etnisk opphav).

Det er heller ikkje lov å nekte nokon tilgang til offentlege stader – med visse unntak. Følgjande personar kan nektast tilgang til offentlege stader:

  • personar som er påverka av rusmiddel

  • kjende uromakarar eller kriminelle (tidlegare tekne for tjuveri / mindre tjuveri)

  • personar som berre søkjer tilhald eller vanskeleggjer drifta på staden

  • personar som med klesdrakt, hygiene eller liknande skaper frykt eller avsky hos andre

Les meir om dei ulike lovene på Lovdata.no

forbrukarkjøpslova

kjøpslova

angrerettlova

marknadsføringslova

likestillings- og diskrimineringslova

Relatert innhald

Marknadsføringslova regulerer korleis bedrifter kan marknadsføre produkta sine, og kven dei kan marknadsføre dei til.

Angrerettlova seier er at forbrukaren kan oppheve kjøpet innan 14 dagar etter at han gjorde avtalen. Kva er dei viktigaste momenta i angrerettlova?


CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2021

Læringsressursar

Regelverk for sals- og reiselivsbedrifter