Hopp til innhald

Fagstoff

Pakkereiselova

Kva forpliktingar har du overfor kundane dine når du sel pakkereiser? Ei eiga lov om pakkereiser gir kundane fleire rettar. Føresegnene i pakkereiselova gjeld òg når kunden sjølv set saman ei reise med fleire av produkta dine.
Fly i lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krav til reisearrangørar

Pakkereiselova gjeld når du sel ei reise eller eit arrangement som varer i meir enn 24 timar og omfattar minst éi overnatting, og som inneheld minst to av desse reisetenestene:

  • transport

  • innkvartering

  • andre turisttenester

Transport kan til dømes vere fly, tog, buss eller ferje.

Om innkvarteringa berre er eit ledd i ei transportteneste, slik som ei overnatting i samband med ei mellomlanding, så vil ho ikkje bli rekna som ei eiga reiseteneste.

Andre turisttenester må utgjere ein vesentleg del av arrangementet. Det kan til dømes dreie seg om bilutleige eller billettar til eit arrangement.

I tillegg til føresegnene i pakkereiselova finst det noko som heiter alminnelige vilkår for pakkereiser. Dette er tilleggsføresegner til pakkereiselova som er utarbeidde av Forbrukartilsynet og Virke Reise Utland.

Dei viktigaste reglane i pakkereiselova og dei alminnelege vilkåra for pakkereiser gjeld

  • opplysningsplikt og avtalar
  • prisar
  • endringar
  • avbestilling
  • manglar
  • reklamasjon

Relatert innhald

Ein reisande får overlevert billettar av ein medarbeidar ved ein skranke på ein flyplass. På veggen bak dei heng dataskjermar med lister over avgangstider. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opplysningsplikt og marknadsføring

Når du opptrer som reisearrangør og sel ei reise, pliktar du å sørgje for at all informasjon om reisa er dekkjande og korrekt. Dersom til dømes ein lugar på Hurtigruta ligg utsett til for støy, må du opplyse om det. Du skal oppgi alle nødvendige opplysningar om reisa og om viktige praktiske forhold. Dette inkluderer opplysningar om reisemålet, transporten, overnattinga, reiseplanen og betalinga, og til dømes vilkår om at det må vere minst så å så mange deltakarar for at reisa skal bli gjennomført.

Opplysningar på nettsider eller i anna informasjonsmateriell som du har utarbeidd eller viser til, blir rekna som ein del av avtalen mellom deg som arrangør og kunden.

I informasjonsmateriellet skal du gjere merksam på at opplysningane kan bli endra – før avtalen blir inngått.

Avbestilling

Pakkereiselova har klare reglar om den retten kunden har til avbestilling og avbestillingsvern og om retten til å overdra pakkereisa. Her er hovudreglane kort samanfatta:

  • Avbestilling: Kunden har rett til å avbestille dersom det blir konstatert krigshandlingar, naturkatastrofar eller farlege smittsame sjukdommar på eller i nærleiken av reisemålet dei siste 14 dagane før pakkereisa startar, og det er rimeleg grunn til å tru at det vil vere slik òg når pakkereisa etter avtalen skal byrje (dette blir kalla for force majeure-hendingar).
  • Avbestillingsvern: Kunden har rett til å avbestille ei pakkereise vederlagsfritt ved sjukdom, ulykker, dødsfall og liknande. Det vil seie at kunden kan avbestille dersom kunden sjølv eller nokon i husstanden eller den næraste familien blir plutseleg og alvorleg sjuk, kjem ut for ei ulykke eller døyr, slik at det blir umogleg eller uforsvarleg for kunden å gjennomføre pakkereisa.
  • Rett til å overdra reisa: Kunden har rett til å overdra pakkereisa til ein person som oppfyller vilkåra for å delta på pakkereisa. Kunden må ha underretta arrangøren eller formidlaren om dette i rimeleg tid før pakkereisa skal byrje.

Manglar ved reisa

Ein mangel kan til dømes vere at kunden får ein leigebil eller lugar som er dårlegare enn det som var førespegla. I slike tilfelle er det du som reisearrangør som må ta ansvaret, for du er òg ansvarleg for leveransar frå tredjepartar.

Misfornøgde restaurantgjestar klagar til servitør. Foto.

Reisegarantifondet

Alle som sel pakkereiser i Noreg, skal vere medlem av Reisegarantifondet. Fondet gir dei reisande vern dersom eit reiseselskap går konkurs. Om selskapet går konkurs før reisa startar, har kundane rett til å få refundert det dei har betalt for reisa. Går selskapet konkurs mens reisa er i gang, har dei rett til å få dekt heimreise.

Med reisegaranti meiner vi her ei erklæring frå ein bank eller eit forsikringsselskap stilt overfor Reisegarantifondet. Garantistane forpliktar seg til å utbetale eit beløp til fondet etter påkrav. Dei skal òg betale inn eit årsgebyr.

Relatert innhald


Kjelder

Innst. 354 L (2017–2018). Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om Lov om pakkereiser og reisegaranti mv. (pakkereiseloven) (gjennomføring av direktiv 2015/2302/EU om pakkereiser og sammensatte reisearrangementer). Familie- og kulturkomiteen. https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Innstillinger/Stortinget/2017-2018/inns-201718-354l/

Pakkereiselova. (2018). Lov om pakkereiser og reisegaranti mv. (LOV-2018-06-15-32). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2018-06-15-32/KAPITTEL_1#%C2%A75

Forbrukartilsynet. (u.å.). Alminnelige vilkår for pakkereiser. https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/veiledninger-og-retningslinjer/alminnelige-vilkar-pakkereiser


CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen, Kjell Rosland og Tone Hadler-Olsen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor
Sist fagleg oppdatert 21.02.2023

Læringsressursar

Regelverk for sals- og reiselivsbedrifter