Hopp til innhald

Fagstoff

Kjeldebruk og publisering på nett

Kva gjer du når du treng bilete og musikk til tekstar du lagar på skulen eller i andre samanhengar? Mykje av det du finn på nett har du ikkje lov til å bruke utan vidare. Lær deg reglane for lisensiering.

Når du bruker kjelder for å byggje eigne tekstar, må du ta omsyn til Åndsverkslova. Creative Commons gir den enkelte moglegheit til sjølv å setje ein lisens på eit sjølvlaga åndsverk. Derfor kan du og søkje etter, og bruke, andres Creative Commons-lisensierte åndsverk.

Åndsverk og opphavsrettar

Bokmålsordboka definerer eit åndsverk som ”resultatet av arbeidet til ein kunstnar i form av eit måleri, eit musikkstykke, ein roman osb”. Åndsverklova er ei lov for bruk av andres arbeid. Lova seier at opphavsmannen har rett til verket sitt, og at det ikkje er tillate å fritt kopiere eit verk.

Du kjenner kanskje til nettstader der du kan laste ned filmar og musikk ulovleg. Men kva skjer om ingen vil betale for slikt innhald? Dersom alle skal gjere slik det passar dei på Internett, vil det neppe fungere særleg bra. Vi treng felles reglar for korleis vi skal dele og møte all informasjonen på internett, slik at det kjem både opphavspersonen og brukaren til gode.

Det er ikkje alltid ulovleg å til dømes bruke andre sine bilete. Det er forskjell på å vise ein presentasjon i eit lukka rom og å publisere presentasjonen med alle bilete på nettet. Men uansett kvar du viser presentasjonen din, er det viktig at du er bevisst kvar du har henta bileta dine frå.

Dersom du vil lage ein film som du vil leggje ut på nettet, er det viktig at du bruker bilete og musikk som du har lov til å bruke. Du kan ikkje ta ein tilfeldig låt som du har på PC-en din og setje saman med ein film, med mindre du har løyve til å bruke låten eller du har produsert han sjølv. Er eit bilete eller ein låt merkt med ©, er det knytt strenge Copyright-forskrifter til verket, og du kan ikkje fritt bruke det.

Det å søkje etter bilete på Google kan vere nyttig, men ulempen er at du får opp veldig mange treff, og det er vanskeleg å vite om du fritt kan bruke bileta du finn. For å gjere det enklare for brukarane å vite kva musikk og kva slags bilete vi fritt kan bruke, er det oppretta ein lisens som kallast Creative Commons. Dersom du tek nokre bilete og legg desse ut på nettsamfunnet Flickr (nettsamfunn for bilete), kan du sjølv gi bileta dine ein lisens. Du kan til dømes bestemme at andre kan få lov til å bruke bileta dine, men dei har ikkje lov til å redigere i dei, og dei må merke bileta med at du er opphavspersonen. Tilsvarande lisensar gjeld for musikk.

Tips til nettstader og søkjemotorar til bilete og musikk

Nedanfor finn du to lister med tips til nettstader og søkjemotorar der du kan finne bilete og musikk som du fritt kan bruke. Det kan likevel vere nokre avgrensingar på bruken, til dømes at dei ikkje kan brukast til eit kommersielt formål. Uansett kva slags bilete og musikk du vel å bruke, må du alltid føre opp kven som står bak bileta eller musikken.

Bilete:

Flickr - Nettstad kor du kan filtrere biletsøk etter CC-lisens

Everystockphoto - Søkjemotor som finn bilete til fri bruk.

Wikimedia Commons - Her finn ein ulike medium som kan brukast. Sjekk lisensiering.

Free Digital Photos - Vel kategori i menyen til venstre. Vanlegvis er det nok å gje opp kven som har tatt biletet.

Image After - Søkbar database med bilete som fritt kan brukast. Lisensiering for desse bileta finn du under terms.

Stockvault - Her finst det mange bilete som ein kan bruke. Lisensiering for desse bileta kan du sjå under licensing.

Musikk:

Partners in rhyme - Her finn du lydeffektar til fri bruk. Ver obs. på at det finst mange ressursar på denne nettstaden, men ein del av dei må du betale for. Lydeffektane vi har lenka til her er gratis.

The Freesound Project - For å laste ned lydspor her, må du registrere deg. Lydspora er lisensierte med ein eigen CC-lisens som heiter Sampling Plus 1.0.

Soungle - Lyd til fri bruk.

Svensk Mediedatabase - Eit arkiv med lyd musikk og film. Gå til filmarkiv frå denne sida. Ver nøye med å kreditere opphavsperson slik det går fram av nettsida.

Soundsnap - På denne nettstaden kan ein laste ned opp til fem gratis lydspor per måned. Nettstaden krev registrering.

Podsafe musikk - Du kan få tilgang til gratis ny norsk musikk via Urørt på P3. For å få full tilgang må du registrere deg.

CC BY-SASkrive av Marita Aksnes og Torgrim Gram Økland.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2018

Læringsressursar

Regelverk for sals- og reiselivsbedrifter