Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk Oda sitt samarbeid med andre aktørar

Oda er Noregs største supermarknad på nett, og dei samarbeider med små og store merkevarer. Clas Ohlson, Sprell og Rema 1000 er døme på nokre aktørar Oda har strategiske samarbeid med. I denne oppgåva skal de sjå nærare på slike samarbeid.
Fotografi som viser Karl Munthe-Kaas, administrerande direktør og medgründer i Oda, sitjande i ein av Oda sine gule lastebilar som dei bruker til å frakte daglegvarene dei sel på nett.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Forslag til korleis de kan arbeide med oppgåvene:
  • Jobb gjerne i par.

  • Diskuter oppgåvene i klassa til slutt.

Oppgåve 1

  1. Utforsk Oda si nettside.

  2. Finn ut meir om dei ulike samarbeida som Oda har inngått. Gjer greie for samarbeida.

  3. Drøft fordelar med samarbeida for både Oda og aktørane dei samarbeider med.

  4. Kva forslag til samarbeid vil de føreslå for Oda i framtida? Skriv opp forslaga, og grunngi desse.

Oppgåve 2

Drøft dei følgjande påstandane:

  1. "Oda vil truleg ha mangedobla samarbeida sine om fem år."

  2. "Oda vil truleg vere den mest føretrekte supermarknaden i Noreg om ti år."

  3. "Det er fleire ulemper enn fordelar med daglegvarehandel på nett samanlikna med fysiske daglegvarebutikkar."

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021

Læringsressursar

Samarbeidsformer i handelsnæringa