Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samarbeid og makt i daglegvarehandelen

I denne oppgåva skal du undersøkje samarbeid i daglegvarehandelen. Kva aktørar finst, og korleis får leverandørar innpass hos desse?
Fotografi som viser mange ulike typar sjokolade i butikkhyller.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Daglegvarehandelen i Noreg består hovudsakleg av fire aktørar: NorgesGruppen, Coop, Rema 1000 og Bunnpris. I tabellen under ser du ei oversikt over marknadsdelen til dei fire aktørane.

Marknadsdel

NorgesGruppen

44,1 %

Coop

29,3 %

Rema 1000

23,2 %

Bunnpris

3,4 %

  1. NorgesGruppen er den største av aktørane. Kva butikkar innanfor daglegvarehandelen er ein del av NorgesGruppen?

  2. Set opp ei oversikt over dei ulike Coop-kjedene, og beskriv dei ulike konsepta Coop-kjedene har.

  3. Drøft påstanden: "Det burde ha vore fleire aktørar i daglegvarehandelen i Noreg."

  4. Skriv ned fordelar og ulemper med at det berre er fire aktørar som dominerer daglegvarehandelen i Noreg.

Oppgåve 2

Hval Sjokoladefabrikk produserer sjokolade og andre godsaker, og dei har vunne fleire blindtestar. Dei har kjempa i lang tid for å få innpass i daglegvarebutikkane i Noreg.

Fotografi som viser marsipansjokolader frå Hval Sjokoladefabrikk på samleband.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Nettressursar

Både dokumentaren og artikkelen er frå 2015.

Gjer følgjande oppgåver med utgangspunkt i Hval sjokolade:

  1. Forklar kva som blir meint med distribusjon.
  2. Korleis distribuerte Hval sjokolade produkta sine då dei starta i 1996?
  3. Gjer greie for omgrepa "distribusjonsform", "distribusjonsgrad" og "distribusjonskanal". Bruk Hval sjokolade som døme i forklaringa.
  4. Kva skal til for at ein leverandør får innpass hos ei daglegvarekjede? Gjer greie for nokre av utfordringane Hval sjokolade har møtt blant dei store kjedene.

  5. Drøft påstanden: "Hval sjokolade bør slå seg til ro med at det er vanskeleg for dei å få innpass i butikkhyllene hos matvarekjedene."

  6. Gjer greie for makt og avhengigheit i distribusjonssystemet i daglegvarehandelen.

Kjelde

Linn Østebø/NHO. (31.05.2021). Tall og Trender 2021: Handel. https://www.nhosh.no/tall-og-fakta/tall-og-trender/tallogtrender2021/handel-tall-og-trender/#part5

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021

Læringsressursar

Samarbeidsformer i handelsnæringa