Medie- og informasjonskunnskap 2
- Bygger på:Medie- og informasjonskunnskap 1
Medium, demokrati og medborgarskap
Media har ei viktig rolle i eit demokrati. Dei formidlar informasjon og er ein arena for politisk debatt. Ei sentral rolle for redaksjonelle medium er å avsløre maktmisbruk. Medborgarskap handlar om ytringsfridom og om at alle har moglegheit til å delta i samfunnsliv og arbeidsliv.
Mediemakt
Media er både aktør og arena for maktutøving. Redaksjonelle medium har som oppgåve å avsløre maktmisbruk og stille makthavarane til ansvar. Dei set ofte dagsordenen for den offentlege samtalen, men like viktig er det at media er med på å forme oppfatninga vår av tilværet.
Læringsressursar
Mediemakt