Hopp til innhald

Fagstoff

Kreativitet

Kreativitet er definert som ein av dei aller viktigaste kompetansane i arbeidsmarknaden i framtida. Kan du trene opp hjernen din til å vere meir kreativ? Eller er somme berre fødde meir kreative enn andre? Det at du sjølv trur på eiga meistring, er heilt avgjerande for kreativiteten din.
Unge menneske på ein benk framfor ein vegg med illustrasjonar og orda plan, creativity og design. Foto.

Kva er kreativitet?

Å vere kreativ er å vere nysgjerrig, uthaldande og fantasifull i problemløysing – åleine og ikkje minst i samarbeid med andre.

Kreativitet

Nysgjerrig:
å ha evne til undring og å stille spørsmål, evne til å utforske og undersøke og å stille spørsmål ved etablerte sanningar
Uthaldande:
å ikkje gi opp i møte med utfordringar, å tore å vere annleis og å tolerere usikkerheit
Fantasifull:
å utvikle fantasifulle løysingar og moglegheiter, å leike med ulike moglegheiter, å gjere koplingar og å bruke intuisjon
Samarbeidande:
å dele eit produkt, gi og ta imot tilbakemeldingar og samarbeide på ein føremålstenleg måte
Å arbeide disiplinert:
å utvikle teknikkar, å kunne reflektere kritisk og å skape og forbetre

(NOU 2015: 8, s. 33)

Fire personar som gir kvarandre ein high five. Foto.

Er kreativitet medfødd eller lært?

Evna til å vere kreativ er ei ibuande kraft som alle menneske har i større eller mindre grad. Barn mellom tre og fem år er i ein fase som er prega av kreativitet. Men på vegen til å bli vaksen blir det lagt lok på mykje av denne kreativiteten. Mange blir opptekne av å ikkje gjere feil og å følgje normene (Kelley & Kelley, 2014).

Alle kan trene seg opp til å vere kreative gjennom erfaringar og utfordringar. Det er då grunnleggjande å utvikle fantasi, forvitenskap og kritisk sans (Utforsk sinnet, 2020).

Tenk over

Barn er kreative av natur.

  • Tenk tilbake til då du var omtrent fem år. Var du meir, mindre eller like kreativ som du er i dag?
  • Trur du at kreativiteten din er medfødd?
  • Kvifor trur du mange opplever at dei blir mindre kreative når dei blir eldre?
Barn leker og lærer ute. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har kreative ein dominerande høgre hjernehalvdel?

Venstre hjernehalvdel blir ofte knytt til logikk, rasjonalitet, språk og meir akademiske evner. Høgre hjernehalvdel blir knytt til kreativitet, kjensler, fantasi og kunstnarlege eigenskapar.

Mange trur at kreativitet er ein eigenskap som vi har i større eller mindre grad. Idéen bak denne oppfatninga er at vi har éin dominerande hjernehalvdel, anten den høgre eller den venstre, og at dette vil definere sentrale eigenskapar ved oss, til dømes kor kreative vi er (Kulmo, 2019).

Den kreative hjernen

Sjølv om hjernen vår anatomisk sett kan delast i ein venstre og ein høgre hjernehalvdel, viser forsking at det ikkje er slik at somme har ein dominerande høgre hjernehalvdel og derfor er meir kreative enn andre (Flobakk-Sitter, 2018).

Meistringstru og kreativitet er tett bundne saman, og tru på eiga meistring er avgjerande for at du skal ha mot til å vere kreativ (Mathisen & Brønnick, 2009).

Illustrasjon av person med mange ideer som strømmer ut av hodet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kreativitet krev samarbeid mellom ulike evner

Vi veit at vi bruker ulike nettverk og fleire delar av hjernen kvar gong vi utfører ei oppgåve. Nokre oppgåver aktiverer rett nok den eine hjernehalvdelen meir enn den andre (Flobakk-Sitter, 2018).

Gjennom forsøk der ein testar kreativitet, kan vi sjå at mange delar av hjernen er involverte. Dette gir meining fordi kreativitet krev samarbeid mellom mange ulike evner som ikkje ligg på same stad, ikkje eingong på same side, i hjernen (Nordengen, 2016, s. 137).

Pippi Langstrømpe med apekatten Herr Nilsson på skuldra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Meistringstru og kreativitet

Meistringstru skil seg frå sjølvtillit ved at meistringstru alltid gjeld for ei bestemt oppgåve eller eit bestemt tema. Du kan til dømes ha ganske høg sjølvtillit når det gjeld fysisk aktivitet, fordi du i stor grad meistrar ulike aktivitetar, men låg meistringstru når det gjeld fotball. Det kan kome av at du ikkje har hatt så mange opplevingar av å meistre denne idretten, eller kanskje du aldri har fått høve til å prøve og feile i fotball?

Visste du at

Jo høgare forventning du har til eiga meistring i ein situasjon, jo betre vil moglegheita vere for eit godt resultat.

Greta Thunberg med plakat om at ho skulestreikar for klimaet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Motivasjon

Dersom du ikkje trur at det du gjer, kan medverke til at du oppnår det du ønskjer, vil du ha liten motivasjon for å gjennomføre ei oppgåve eller ta ei utfordring. Mange av dei same mekanismane som skaper meistringstru, er tett bundne saman med dei mekanismane som gjer at menneske har mot til å vere kreative.

Tenk over

Meistringstru har mykje å seie for korleis du møter utfordringar i skulen.

  • Er det noko du sjølv kan gjere for å byggje opp trua di på at du skal lykkast i faget eller yrket ditt?
  • Kva kan lærarar gjere for å synleggjere kva du meistrar og lærer til kvar tid?
  • Korleis kan lærarar og medelevar påverke læringsmiljøet slik at du kjenner at det er trygt å prøve og feile?
Kollasj som tematiserer ulike fag og læring. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den kreative prosessen

Når du har gått gjennom den kreative prosessen mange nok gonger, vil du vere fortruleg med situasjonen, og du vil ha utvikla ei tru på eigne kreative evner. Denne trua på eigne evner vil redusere angsten for å mislykkast. Det å synleggjere det i gruppa når du sjølv og andre meistrar, er positivt for vidare utvikling.

Hender som held jord med ei grøn spire i. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Her er det lov å gjøre feil, det er rett"

Lærarar og elevar skaper eit godt og trygt arbeidsmiljø saman. Målet er eit arbeidsklima som verdset læring og utvikling, og som gir fridom til å vere kreativ ved å prøve og feile. Under finn både du som er elev, og du som er lærar, nokre konkrete tips til kva som vil fremje kreativitet og innovasjon i klasserommet. Tipsa er henta frå masteroppgåva Her er det lov å gjøre feil, det er rett, skriven av Åshild Lundetræ Fidje.

Tips til eleven

  • Sett deg delmål, og synleggjer det for deg sjølv, til dømes i form av ei liste, kvar gong du har nådd eit delmål.
  • Sjå på det å feile som ei moglegheit til å lære.
  • Bli bevisst på dine eigne framsteg.
  • Samanlikn deg sjølv med deg sjølv og ikkje med andre. Kva fekk du til no som du ikkje fekk til i den førre oppgåva?
  • Når du lykkast, er det fordi det du gjorde, førte deg fram til ei løysing.
  • Forvent at du kan løyse oppgåva, og prøv å ha ei positiv haldning til deg sjølv, andre og oppgåva.
  • Samarbeid med medelevar og be om rettleiing.
Tips til læraren
  • Legg opp til korte og passe utfordrande oppgåver som gir elevane meistringsopplevingar.
  • Gjer den enkelte eleven bevisst på eiga meistring ved å fokusere på innsatsen og pågangsmotet til kvar enkelt og sjå på framgangen til kvar enkelt.
  • Skap eit arbeidsklima med rom for å feile, og sjå på feil som eit høve til å lære.
  • Gi hyppig, direkte og konkret tilbakemelding på det eleven presterer.
  • Ha høge forventningar til alle elevane. Ingen elevar må bli fråtekne utfordringar.
  • Peik på kva det var som gjorde at eleven lykkast, for å gjere det tydeleg at det ikkje var flaks eller stor grad av hjelp.
  • Gi prosessros, og unngå personros. Overdriven ros kan verke mot hensikta.
Kvinne som ser på ein graf. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktig kompetanse i arbeidsmarknaden i framtida

Innovasjon inkluderer sentrale sider ved kreativitet, men inneber i tillegg å kunne ta initiativ og omsetje idéar til handling. Evne til kreativitet, innovasjon, kritisk tenking og problemløysing er ettertrakta kompetansar i arbeidsmarknaden. Dei er òg heilt avgjerande evner dersom du ein dag skal starte eiga bedrift.

Kjelder

Dweck, C. (2014, november). The power of believing that you can improve. Henta frå: https://www.ted.com/talks/carol_dweck_the_power_of_believing_that_you_can_improve?share=19abe333c6

Fidje, Å. L. (2017). Her er det lov å gjøre feil, det er rett: Hvordan kan jeg som lærer bidra til at elevene mine får styrket sin egen mestringstro og kreativitet? (Masteroppgåve). Handelshøyskolen BI, Stavanger.

Flobakk-Sitter, F. (2018). Pedagogikk og hjernen. En introduksjon til fagfeltet pedagogisk nevrovitenskap. Bergen: Fagbokforlaget.

Kelley, T. & Kelley, D. (2014). Creative Confidence. London: William Collins.

Kulmo, W. M. (2019, 17. januar). Åtte myter om hjernen. Henta frå https://forskning.no/bakgrunn-hjernen-ntnu/atte-myter-om-hjernen/1281312

Mathisen, G. E. & Brønnick, K. S. (2009). Creative self-efficacy: An intervention study. International Journal of Educational Research, 48(1), s. 21–29. http://citeseerx.isa.psu.edu/viewdoc/download?doi=10.1.1.369.4676&rep=rep1&type=PDF

Nordengen, K. (2016). Hjernen er stjernen. Ditt eneste uerstattelige organ. Oslo: Kagge forlag AS.

NOU 2015: 8. (2015). Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2015-8/id2417001/

Utforsk sinnet. (2020, 3. april). Er kreativitet medfødt eller lært? Henta frå https://utforsksinnet.no/er-kreativitet-medfodt-eller-laert

CC BY-SASkrive av Åshild Lundetræ Fidje og Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2020

Læringsressursar

Idéutvikling og kreative metodar