Hopp til innhald

Fagstoff

Pitching

Ein pitch er ein kortvarig presentasjon av ein idé eller eit prosjekt. Hensikta med ein pitch er å skaffe seg samarbeidspartnarar eller kundar, slik at ein kan realisere idéen.

Kva er ein pitch?

Du har ein kjempegod idé til ein kortfilm. Men det kostar mange pengar å produsere filmen. Derfor er du avhengig av at nokon tenner på idéen din og bestemmer seg for å bruke ressursar på nett dette prosjektet.

Ein pitch er ei kortvarig framføring av ein idé for ein potensiell samarbeidspartnar eller kunde. I løpet av nokre få minutt skal du få andre til å tenne på idéen din og sjå det potensialet han har.

Pitching er også ein god måte å bevisstgjere seg sjølv på. Når du pitchar, blir idéen og historia i den filmen du planlegg å lage, tydelegare for både deg sjølv og dei du eventuelt jobbar i lag med i klassen.

Slik lagar du ein pitch

Ein pitch skal på ein enkel og lettfatteleg måte formidle kva idéen din går ut på. Start gjerne med ei utsegn som gjer tilhøyrarane nyfikne. Fortel ei kort historie som synleggjer kva filmen skal handle om. Du kan illustrere pitchen din med enkle videoskisser eller stillbilete. Ikkje grav deg ned i detaljar. Det gidd ingen å høyre på. Og hugs: Dersom ikkje du er entusiastisk, så blir ikkje andre det heller!

I videoen nedanfor møter du studentar frå Westerdals School of Communication. Der er pitching eit eige fag.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal, Thomas Nupen og Kristin Eriksen Vold.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2021

Læringsressursar

Idéutvikling og kreative metodar